Tilbake til søkeresultatene

P-KVINN-Program for kvinne- og kjønnsf

Transseksualitet - mellom kropp, kjønn og seksualiteter. Kulturanalytiske perspektiver på kjønnsambivalens

Tildelt: kr 1,7 mill.

Prosjektnummer:

156755

Prosjektperiode:

2003 - 2006

Geografi:

I vår kultur ser det ut til å eksistere eit krav om at det skal vere eit bestemt samsvar mellom kroppsleg kjønn, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Personar som overskrid desse grensene ved å uttrykkje kjønnsmessig ambivalens utfordrar sentrale kulturelle mønster. Med utgangspunkt i ein empirisk studie av transseksualitet, vil prosjektet problematisere dei kulturelle koplingane som blir gjort mellom kropp, kjønn og seksualitet i det norske samfunnet i dag. Kva for koplingar mellom desse er legitime i vår kultur? Kva subjektmoglegheiter finst det i mellomrommet mellom dei etablerte kategoriane? Korleis definerer transseksuelle eige kjønn og eigen seksualitet i høve til dei "faste" kategoriane "mann", "kvinne", "hetero", "homo"? Kva sanksjonar møter person ar som overskrid normer for kjønnsuttrykk? Kvar går grensene for toleranse og aksept når det gjeld ikkje-konform kjønnsrolleåtferd? Ved å løfte fram historiene til norske transseksuelle vil prosjektet setje fokus på korleis kulturen forheld seg til norme r om kropp, kjønn og seksualitet, og korleis normalitet og avvik blir handtert i det norske samfunnet. På eit overordna plan handlar prosjektet såleis om vilkåra for identitetsdanning i Noreg i dag. Empirisk kunnskap om transseksuelle sine levekår er vikt ig for å forstå mangfaldet av kjønn og seksualitetar i samfunnet vårt.

Budsjettformål:

P-KVINN-Program for kvinne- og kjønnsf

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet