Tilbake til søkeresultatene

TU-HUM-Utstyr/databaser/samlinger - Humaniora

Digital infrastruktur for diplomsamlinga ved Universitetsbiblioteket i Bergen

Tildelt: kr 1,9 mill.

Denne søknaden er ein revisjon av ein søknad som blei innsend juni 2003 til frie prosjektmidlar, søknad nr. 161353/540, "Digitalisering av diplomsamlingen ved Universitetsbiblioteket i Bergen". Avslagsbrev med dykkar ref: 161353/540/ta, datert 23.01.2004. Prosjektet tek sikte på å etablere ein elektronisk infrastruktur for å tilgjengeleggjere eit til no upublisert materiale med betydeleg verdi som historisk studieobjekt, nemleg Universitetsbiblioteket i Bergen si diplomsamling, dei 591 dokumenta frå period en 1571-1660. Ved å integrere bilde av kvart dokument med kommenterande stoff, bibliografi og elektroniske avskrifter i ei web-publisering, vil prosjektet aktivere materialet som forskings- og undervisningsressurs. Prosjektet vil etablere ein prototype på ein elektroni sk infrastruktur som vil ha betydeleg eigenverdi som teknisk løysing, fordi ei integrert XML-handtering i den skalaen det her er tale om, vil verte eit viktig eksempel på korleis dette kan gjerast, og vil kunne fylle det som i dag er eit anerkjent behov i arbeide t med forsking og samlingspleie av handskrivne dokument. Prosjektet har karakter av teknisk og arkivfagleg utviklingsarbeid. Prosjektet er lagt opp som et samarbeid mellom forskarar i historie og nordisk språkvitskap, arkivinstitusjonens eige vitskapelege personale, informasjonsteknologisk ekspertise, og assist enthjelp. Prosjektet vil utnytte mogleiken for samarbeid på vitskapleg nivå som ligg i den felles interessa for digitalisering av dette konkrete materialet.

Budsjettformål:

TU-HUM-Utstyr/databaser/samlinger - Humaniora

Finansieringskilder

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet