Tilbake til søkeresultatene

MATJORD-Program for forskning innenfor jordbruksog matproduksjon

Arbeidsinnvandring til det norske landbruket. Kortsiktig redningsplanke for norske bønder eller undergraving av landbrukets legitimitet?

Tildelt: kr 3,7 mill.

Talet på arbeidsinnvandrarar til landbruket har auka kraftig det siste tiåret. Det er venta at utvidinga av EUs indre marknad, som Noreg er ein del av, vil føre til at endå fleire arbeidsinnvandrarar søker seg arbeid på norske gardsbruk. Ein kan vente at denne utviklinga vil prege det norske landbruket og dei norske bygdene på mange måtar. Arbeidsinnvandringa kan sjåast som ein vinn-vinn situasjon: landbruket får hardt tiltrengt arbeidskraft mens arbeidsinnvandrarane kan skaffe seg kompetanse og legge se g opp pengar ved eit arbeidsopphald i Noreg. Samstundes kan ein sjå for seg ei utvikling kor auka arbeidsinnvandring skaper nye problemer for landbruket og for bygdene, til dømes konflikter omkring løns- og arbeidsbetingelser. Dersom talet på arbeidsi nnvandrarar aukar og på sikt nærmar seg talet på aktive bønder, vil det også kunne stillast spørsmål ved om det er legitimt å støtte norsk landbruk over jordbruksavtalen. Dersom landbruket i fleire media-oppslag blir kopla til utnytting av arbeidsinnvandr arar, kan til dømes næringa risikerar å miste den sterke tilliten den har i den norske befolkninga. Denne tilliten er ei forutsetning for at dei statlege overføringer til næringa skal halde fram. Det er derfor viktig gjennom forsking å legge eit faktagru nnlag for debatten kring arbeidsinnvandringa til landbruket, og bidra med kunnskap før ein vurderer om dette fenomenet utviklar seg på ein slik måte at det trengst fleire og eventuelt andre politisk tiltak. Prosjektet integrerer fleire analytiske perspe ktiv og forskningstradisjonar, som til saman kan kan kaste lys over arbeidsinnvandringa. Spesielt vil vi dra vekslar på tre forskingstradisjonar: a) landbrukspolitiske perspektiv, b) levekårsforsking, og c) migrasjonsforsking. Både kvantitative og kvalita tive metodiske verktøy vil bli brukt.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

MATJORD-Program for forskning innenfor jordbruksog matproduksjon

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet