Tilbake til søkeresultatene

FORNY-3-Kommersialisering av FoUresultater

Infrastuktur - Pilotsamarbeidet FORNY 2007 - Høgskolen i Ålesund

Tildelt: kr 0,15 mill.

Denne søknaden omhandlar regionale infrastrukturtiltak. Denne søknaden er ein av fem som inngår i det regionale pilot-samarbeidet FORNY Møre. Det regionale FORNY samarbeidet i Møre og Romsdal har som mål å auke verdiskapinga i regionen gjennom kommersia lisering av forskingsbaserte idear frå høgskulane og forskingsinstitutta. Dette vil vi gjere ved å auke samarbeidet mellom høgskulane og resten av innovasjonssystemet. Samarbeidet omfattar dei tre høgskulane i fylket og Møreforsking. Arbeidet er organise rt som eit prosjekt, med ein regional prosjektledar og tre lokale prosjektleiarar. Vi har planlagt ei arbeidsdeling mellom det regionale nivået (R) og det lokale nivået (L). Ved denne todelinga søker vi å utnytte ressurane optimalt. Det har og vore ei vik tig føring at vi så langt råd søker å nytte dei eksisterande innovasjonssstrukturane i regionen. Prosjektet har solid forankring på høgaste hald ved dei ulike institusjonane. Initiativet er støtta av Innovasjonspartnerskapet i Møre og Romsdal og er foran kra i Regional utviklingsplan for Møre og Romsdal.

Budsjettformål:

FORNY-3-Kommersialisering av FoUresultater

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet