Tilbake til søkeresultatene

FORNY-3-Kommersialisering av FoUresultater

Inspirasjonsseminar for kvinnlege forskarar og studentar for auka verdiskaping i Møre og Romsdal

Tildelt: kr 0,14 mill.

Høgskulen i Volda tek sikte på å arrangere eit inspirasjonsseminar for kvinnlege forskarar og studentar for auka verdiskaping i vårt distrikt. Inspirasjon, ideutvikling og konkretisering av kommersialiserbar kunnskap og forsking, med mål å mobilisere kvin ner til å skape nye arbeidsplassar, vil stå sentralt i programmet. Målgruppa for seminaret er kvinnlege forskarar og studentar ved dei tre høgskulane i Møre og Romsdal, som har konkrete forretningsidear, eller som ønsker å utvikle idear med utgangspunkt i kunnskap og forsking utvikla ved disse institusjonane. Vi tenkjer oss at det vil vere fornuftig å invitere nokre nasjonale og regionale kvinnelege gruderar/næringslivsleiarar for å fortelje om sine erfaringar med etablering og drift av eiga verksemd. Vi tek vidare sikte på å køyre ein kreativ idegenereringsprosess der deltakarane sjølve kan eksprimentere med eigne og andre sine idear under kyndig rettleiing. Siste del av seminaret er tenkt å fokusere på vegen vidare frå ide til kommersialisering av fo rretningside. I denne sekvensen tenkjer ein seg at LEN og/eller Innovasjon Norge tek del. Seminaret vil inngå som ein sentral del i høgskulane i Møre og Romsdal si satsing på kompetanseheving av eigne tilsette og studentar, der kultur- og haldningsendrin g knytt til entreprenørskap og innovasjon/nyskaping er viktige element i denne strategien.

Budsjettformål:

FORNY-3-Kommersialisering av FoUresultater

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet