Tilbake til søkeresultatene

TU-Tungt utstyr

Ny fleirfaserigg for CMR Instrumentation

Tildelt: kr 2,5 mill.

CMR Instrumentation har lenge drive forsking og utvikling retta mot måling på fleirfasestrømming i petroleumsindustrien. Eit viktig verktøy i dette forskingsarbeidet har vore ein fleirfase strømmingsrigg som har vorte brukt i mange stadie i ulike prosjekt ; initielle forsøk, testing av prototypar og testing av ferdige instrument. Denne riggen er eit røyrsystem der ein kan sirkulere kjende mengder luft, diesel og vatn. Marknaden for fleirfasemåling er framleis i vekst, med særleg sterk vekst subsea. Dette gjer at både CMR Instrumentation, Universitetet i Bergen og industrielle samarbeidspartnarar treng ein meir fleksibel strømmingsrigg med høgare kapasitet enn den eksisterande for utvida testing av utstyr under utvikling. CMR ynskjer derfor å kjøpe ein ny fleirfase strømmingsrigg. Strømmingsriggen vil vere eit godt verktøy i fleire store prosjekt som pågår ved CMR Instrumentation, gjerne i samarbeid mellom CMR og Universitetet i Bergen (UiB). Utdanning av MSc studentar og PhD studentar inngår som ein vik tig del i desse prosjekta. Ein ny fleirfaserigg vil også styrke samarbeidet mellom CMR og industrielle selskap då ein meir fleksibel rigg vil kunne nyttast i fleire utviklingsprosjekt i desse bedriftene. CMR har allereie eit tett samarbeid med blant ann a Roxar som nyttar eksisterande strømmingsrigg både i forskingsarbeid og ved testing av ferdige fleirfasemålarar. Også dei er interesserte i oppgradering av riggen. Den nye riggen vil ha kapasitet til omlag 5 gonger så høge strømmingsratar og trykk som e ksisterande rigg. Det vil også vere betre fleksibilitet i tilkoplingspunkta samanlikna med eksisterande rigg. Utstyr kan derfor testast grundigare ved CMR før det vert testa i felt når denne riggen er på plass.

Budsjettformål:

TU-Tungt utstyr

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet