Felles handling for ein nyskapande region.
Dette inneber å auka verdiskapinga ved å betra samhandlingskompetansen. Visjonen i fylkesplanen vil gjera Hordaland til ein av dei mest innovative regionane i Europa i næringar der fylkeskommunen har særlege før emoner, med vekt på lønsemd, internasjonal konkurransekraft og evne til omstilling. Dette skal VRI-satsinga vere eit middel til.
Regionalt næringsforum (RNF) i Hordaland utgjer partnarskapet i fylket og er formell søkjar. RNF har sett ned eit operativt V RI-styre sett saman slik: LO (2), NHO (2), Forsking (2), Innovasjon Noreg og Hordaland fylkeskommune
I gjennomføringsperioden vil programmet få eit VRI-sekretariat med, i første omgang, ein koordinator på fulltid. RNF har vedteke å forhandla med CMR, i s amarbeid med HiB, om det formelle ansvaret for sekretariatet. Sekretariatet skal samlokaliserast med andre nyskapingsmiljø i regionen. Operativt vil sekretariatet bli driftast etter ein ?forum-modell på same måten som ekspertsenter NCE Subsea.
VRI-satsin ga blir, og vil bli, gjennomført som ei brei satsing med forankring i utøvande nivå. Dette inneber at det i søknadsprosessen har vore halde fleire møte med FoU-miljøa i regionen for å motivera og engasjera desse. Det har også vore ulike prosess-samlingar med brei invitasjon og bransjevise samlingar. Dette vil hald fram i gjennomføringsfasen.
Styringsgruppa har vald å prioritera følgjande innsatsområde:
1. Næringar med særlege føremoner:
* Energi
* Marine næringar,
* Maritime næringar,
* Reiseli v
2. Næringsretta kompetanse
3. Entreprenørskap
4. Innovasjon og internasjonalisering
Dei tre siste innsatsområda er næringsuavhengige og blir definerte som satsingar på tvers. Det blir lagt vinn på å bruke eit breitt samansett utval av verkemiddel i t ett dialog med dei planlagde forskingsprosjekta.
Forskingsprosjekta skal stø opp om samhandlingsaktivitetane og bruka desse både til å samle data og til å spreie kunnskap.