Tilbake til søkeresultatene

MATPROG-Matprogrammet: Norsk mat fra sjø og land

Handtering av grasstrengen i totrinnshausting, for rask fortørking og god surfôrkvalitet.

Tildelt: kr 0,63 mill.

Surfôr av god hygienisk og ernæringsmessig kvalitet er avgjerande for eit godt økonomisk resultat i norsk mjølk- og kjøttproduksjon. Totrinnshausting og fortørking før konservering kan gi betre kvalitet og lågare produksjonskostnader enn direkte hausting, og har gradvis vorte meir brukt også i Noreg. I vått og ustabilt vêr, som ein har og kan rekne med å få i stadig større delar av dei viktige områda for grovfôrbaserte husdyrproduksjonar, vil rådgjerder og utstyr som aukar tørkefarten kunne auke omfanget og utbyttet ytterlegare. I dette prosjektet vil ein finne ut om ny teknikk for strenghandtering har eit slikt potenisal og om det vil vere ei investering med god avkastning. Gjennom praktiske utprøvingar, forsøk og modellsimuleringar vil ein undersøke und er kva vilkår utlegging i brei streng mot vanleg smal streng aukar tørkefarten og minkar tapet av vassløyseleg sukker før ensilering startar. Om dette igjen påverkar den ernæringsmessige kvaliteten av surfôret, og om utlegging og samling av brei grasstren g aukar faren for innblanding av jord og overføring av skadelege mikroorganismar til fôr og mjølk, er også viktige spørsmål.

Budsjettformål:

MATPROG-Matprogrammet: Norsk mat fra sjø og land