Tilbake til søkeresultatene

HAVBRUKS-Havbruk - en næring i vekst

Funksjonelle genomiske undersøkingar av temperaturstress hos laks og aure

Tildelt: kr 49 999

Den intensive produksjonen av oppdrettslaks (Salmo salar L.) i Noreg har dei siste åra opplevd periodar med høge eller varierande sjøtemperaturar om sommaren. Høgare enn normale sjøtemperaturar fører til ei rekke fysiologiske konsekvensar for opprettslaks en, som resulterer i redusert appetitt og vekst, auke i dødelegheit, redusert immunsystem og predisposisjon for produksjonsrelaterte lidingar. Samla kan desse effektane kallast termisk stress, som også inkluderer eit svekka antioksidantforsvar og dermed o ksidativt stress. Hensikta med prosjektet er å undersøkje nærare dei underliggande mekanismane for termisk stress og meistring, for å støtte utviklinga av høvelege fôr til bruk i oppdrett. Tidlegare studium har vist at endringar i fôrsamansetjing og til passa antioksidant tilsetjingar kan forbetre høva for fisken. Eit eksperiment vil bli utført for å samanlikne effektane av høge sjøtemperaturar på appetittregulering, vekst og antioksidantforsvar hos laks og regnbogeaure for å sjå om dei meistrar høge tem peraturer ulikt. Resultata vil vera viktig for valet av oppdrettart i utsette oppdrettsregionar langs kysten vår.

Budsjettformål:

HAVBRUKS-Havbruk - en næring i vekst