Å plassera eige kunstnarskap i internasjonal samanheng kan lett få karakter av å vera påstandar meir enn analyse. I tillegg til Kjell Rylander sine eigne refleksjonar, ønskjer difor K-verdi å bringa inn andre stemmer som kan kasta lys over korleis hans ku nst blir oppfatta og forstått internasjonalt. Dette skal skje i form av ei bok som vil bli lagt ved den skriftlege delen som han skal levera til bedømmingskomiteen for godkjenning før endeleg disputas kan finna stad.
Innhald:
Kjell Rylander: Portrett av det anonyma
Gabi Dewald: Questioning everyday things
Glen R. Brown: The Anthropic Aura
Caroline Slotte: De små gesternas man
Glenn Adamson: Om utstillinga Kontentum (endeleg tittel ikkje mottatt)
Jorunn Veiteberg: Om serien Street Ware (endeleg tittel ikkje mottatt)
CV Kjell Rylander
Om boka
Sidetal: 96, format: 24 x 17 cm, stivt omslag.
Boka vil bli gjennomillustrert med hovudvekt på dei to separatutstillingane Kjell Rylander har hatt i stpendiatperioden: Eskilstuna Konstmuseum 2010 og Rom8 i Berge n 2011. Research and Development Design and Art Direction i Stockholm vil stå for utforminga.
Målgruppe
Boka er ikkje tenkt først og fremst som eit salsprodukt, men vil bli spreidd til museum, kunsthøgskolar, fagbibliotek, fagtidsskrift, galleri, kurator ar, kollegaer.