Tilbake til søkeresultatene

KULVER-Kulturell verdsetting

Curating Craft

Tildelt: kr 75 150

Frå forskingsprosjektet K-verdi starta opp i 2008 har deltakarane vore involvert i rundt 30 utstillingar enten som utstillarar (kunststipendiatane) eller som kuratorar (kunsthistorikarane). Den omfattande utstillingsaktiviteten har tent fleire funksjonar: Dei har formidla forskingsresultata våre til eit breitt publikum Dei har gitt forskarane i gruppa nytt empirisk materiale For kunststipendiatane utgjer dei den viktigaste delen av forskingsresultatet For samarbeidsparnarane i K-verdi har utstillingane by gd bru mellom museologien, filosofien og kunsthistoria. Eg ønkjer å ta utgansgpunkt i dei erfaringane vi har gjort, ikkje minst med den stort anlagte utstillinga Ting Tang Trash, for å undersøka utstillingsmediet nærare: Kva betyr utstillinga i tinga sin biografi? Kva verdiar og tydingar blir dei tilførte gjennom samspelet dei inngår i med andre objekt og rommet dei blir vist i? Kva betyr kurator eller den tematiske smanhengen for den vidare forståinga og tolkinga av verket? Tradisjonelle kunsthistoriske oversiktsverk har i liten grad lagt vekt på utstillingar, endå vi veit at utstillingar ofte har spela avgjerande rolle som tidsmarkørar og igangssetjarar. Å skriva historie med utstillingar som omdreiingspunkt i staden for isolerte verk, er ein framtidig plan. Innanfor kunsthandvertksfaga finst det ikkje slik litteratur, og det er sterkt etterlyst på kuratorstudiane som stadig fleire høgskolar tilbyr internasjonalt. I samarbeid med Mònica Gaspar på ZhdK Zurich University of the Arts vil eg arrangera eit i nternasjonalt seminar i Bergen for 10-15 deltakarar som vonleg kan bli starten på eit internasjonalt forskingssamarbeid på dette feltet, og /eller munne ut i ein publikasjon. Vi har allereie sikra oss støtte frå Royal College of Art i London.

Budsjettformål:

KULVER-Kulturell verdsetting