Tilbake til søkeresultatene

POLARPROG-Polarforskningsprogram

Krill-dominated Ecosystem Dynamics in the Scotia Sea

Tildelt: kr 12,0 mill.

Prosjektnummer:

222798

Søknadstype:

Prosjektperiode:

2013 - 2017

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

Samarbeidsland:

Antarktis har krill dominerte økosystem, definert slik på grunn av nøkkelrolla til krill. Toppredatorane er i stor grad avhengig av krill enten direkte eller indirekte ved at dei et krill eller artar som lever av krill. Spesielt avhengig av krill, og derfor sårbare, er landbaserte predatorar som pingvin og sel. Desse artane er avhengig av god og nær tilgang til mat i dei områda og på den tid selen kastar og pingvin hekkar. Noreg er største krillnasjon ved at norske selskap tar meir enn halve fangsten. Kommisjonen for bevaring av levende marine ressursar i Antarktisk (CCAMLR) har ei økosystem basert tilnærming som grunnlag for sine forvaltingsvedtak. Det er derfor viktig å ha tilgang til vitskapleg informasjon som stør dei vurderingane som CCAMLR legg til grunn for sine vurderingar. Dette prosjektet har som mål å legge eit grunnlag for framtidsretta overvaking av krillbestanden samtidig som det skal framskaffe informasjon som gir forståing av naturleg dynamikken i krill og tilhøve til predatorbestandane av sel og pingvin, som er mest avhengig av krill. Målet er at prosjektet skal gi eit vitskapleg grunnlag for å vurdere kva berekraftig hausting av krill innebere under eit økosystem perspektiv. Prosjektet vert gjennomført i samarbeid mellom tre institusjonar: British Antarctic Survey, Norsk polarinstitutt og Havforskingsinstituttet. I tillegg er det eit tett samarbeid med krillnæringa som stør prosjektet med ei vekes tokttid kvart år. Det er gjennom dette sterke samarbeidet vi kan ha ambisjonar om å dekke dei viktigaste måla våre. Prosjektet har etablert rutinar og prosedyrar for gjennomføring av eit årleg tokt ved Sør Orknøyane. Dette toktet framskaffar mengde og fordelingsinformasjon for krill, som etterkvart vil gå inn i som ein kvantitativ tidsserie saman med tilsvarande dataseriar for områda ved Den antarktiske halvøy og rundt Sør Georgia. Vi samlar inn informasjon om biologien til krillen og om det fysiske miljøet slik at vi kan analysere samanhangar mellom miljøet, mengde og biologisk tilstand. Samtidig vert det samla data om sel og pingvin. Av størst interesse er tilstand i desse bestandane og i kva grad fisket konkurrerer med desse artane i krillmatfatet. Resultata frå prosjektet har fått internasjonal merksemd ved at vi viser korleis næringa sjølv kan vere med å samle data til forvaltinga. Merkeforsøka på sel og pingvin viser at mange av dei merka dyra frå dei landbaserte koloniane ikkje i særleg grad overlappar fordelinga av fiskeflåten. Fiskeflåten har vist at dei kan samle inn akustiske mengdedata om krill også under kommersielt fiske og desse dataene vert no brukt til å vurdere om fisket reduserer tettleiken av krill i det beskatta området i eit mon som skaper ein interessekonflikt mellom predatorane og fiskeriet. Så langt ser det ikkje ut til at det skjer. Vi skal vidare analysere nye data med omsyn på i kva grad overlapp mellom predatorane og fiske i seg sjølv kan utgjere ein fare og om fiskeriet påverkar åtferd og fordeling av krill slik at den vert vanskelegare å fange for pingvin og sel. Prosjektet skal, med bakgrunn i resultat og erfaring, legge fagleg grunnlag for etablering av eit fast årleg overvakingstokt med felles innsats frå næring og forsking. I 2016 deltok prosjektet i eit tokt saman med British Antarctic Survey. Det framkom mykje ny kunnskap om fordelingsdynamikk til krill i høve til det fysiske og biologiske (predatorar) miljøet. Det vart også samla inn akustisk målstyrkedata saman med informasjon om orientering av krill, noko som er avgjerande for å etablere rett konvertering av akustiske verdiar til biomasse.

Antarctic krill is the dominant euphasiid species, and a key ecosystem component, throughout much of the Southern Ocean. This single species comprises most of the diet of many upper trophic predators, including fish, seabirds, seals and whales throughout much of the Subantarctic and Antarctic marine ecosystem. It is also the target of human fishing effort. The krill fishery has been increasing in volume recently (with Norway taking the greatest catches), and is now highly concentrated in FAO Zone 48. This area is also rich in biodiversity and houses some of the largest populations of krill-dependent, land-based predators in the Southern Ocean. Both the krill and some of the predator populations of the region have been showing negative trends in abundance recently, likely as a result of climate change. Thus, it is imperative at this time to have updated information regarding the current abundance and distribution of krill, as well as an increased understanding of krill-dominated ecosystem dynamics, to ensu re that human activity does not negatively impact natural components of the Southern Ocean ecosystem. This latter objective is the principle guiding tenant of the Convention for the Conservation of Antarctic Living Marine Resources, which is the fisheries management body responsible for overseeing fisheries in international waters around Antarctica. In the KRILL research programme the British Antarctic Survey, the Norwegian Polar Institute and the Institute of Marine Research have formed a powerful consor tium to deal with the cross-disciplinary challenges posed by an ambitious research effort that will use advanced scientific instrumentation to simultaneously study krill and their predators in the context of the fishery and a changing environment. The pro ject will strengthen Norwegian competence in Southern Ocean systems and also build new competence through graduate student recruitment, while providing valuable scientific data relevant to fisheries management.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Budsjettformål:

POLARPROG-Polarforskningsprogram