Tilbake til søkeresultatene

PROFORSK-Skole og samfunn

Formidle kunnskap om biogass, produksjon, bruk og miljøgevinstar

Alternativ tittel: Disseminate knowledge about biogas, production, use and environmental gains

Tildelt: kr 0,40 mill.

Målet med dette prosjektet er å utvikle undervisingsopplegg som utfordrar ungdom frå 13 til 18 år ved å spørje: Ved å bruke dei naturvitskaplege forskarane sine metodar og utstyr, matavfall og husdyrgjødsel, korleis vil du sette saman ei blanding som gir mest mulig produksjon av metan-gass? Etterpå vil dei kunne teste blandinga, sjå kor mykje metan som blir produsert og samanlikne resultata med kvar andre. Ved å løyse dette problemet må dei setje seg inn i korleis forskarane arbeider og løyser problem, ko rleis og kvifor matproduksjon og handteringa av avfall frå matindustrien produserer klimagassar, korleis det er mulig å minske desse utsleppa betydeleg og samtidig produsere ny fornybar energi. Prosjektet er eigd av Jærmuseet, regionalt vitensenter i Roga land. Det er lagt til avdelinga Vitengarden som ligg midt i den mest intensive husdyrregionen i landet. Lærar og elevar frå Ogna skule og Vigrestad storskule vil vere med i utviklinga og testinga av opplegga. IVAR IKS er også med som samarbeidspart, det er eit interkommunalt selskap som handterer avfall frå hushald og industri i området. Dei produserer biogass, og vil auke denne produksjonen med eit nytt anlegg berre fire kilometer frå Vitengarden. Undervisingsopplegga blir eit tilbod til ungdomsskular og vid aregåande skular i Rogaland.

I prosjektet vil det bli utvikla pedagogiske opplegg for formidling av produksjon og bruk av biogass og biorest. Målgruppa er ungdomsskule og vgs. Bakgrunnen for val av tema er muligheitene for å redusere utsleppa av klimagassar gjennom gode løysingar fo r handtering av organisk avfall og husdyrgjødsel. Ved å produsere biogass på husdyrgjødsel og matavfall, og samtidig ta vare på verdifulle næringsstoff i gjødsla, får vi ei rekkje positive miljøgevinstar. Utsleppa av klimagassar blir redusert, samfunnet f år ny fornybar energi, det blir mulig å kontrollere avrenninga frå landbruket, og å ta vare på og bruke om igjen ein stor del av næringsstoffa. Tema gir prosjektet ei tydeleg lokal forankring. Det blir lagt til Jærmuseet avd. Vitengarden som ligg i den me st intensive husdyrregionen i landet og berre fire km frå Grødaland i Hå kommune, der IVAR IKS etablerer eit nytt biogassanlegg basert på matavfall. Biogass er satsingsområde for Rogaland fylke, og det vil vere bruk for kompetanse og rekruttering framover . Elevane skal ta på seg den praktiske forskarrolla og bruke forskarane sine metodar. Ein ser for seg å dele klassen i to, kvar for seg skal dei designe si eiga substratblanding med utgangspunkt i organisk avfall. Målet er å få høgast mulig produksjon av metan. Det fins kommersielt tilgjengeleg utstyr tilpassa mindre substratblandingar (5-6 liter) med muligheiter for å logge metanproduksjonen. Dette utstyret vil bli kjøpt inn og brukt i opplegga. I samarbeid med lærarar vil det bli testa og justert. Som eit ledd i for- og etterarbeidet vil elevane bli tatt med på industribesøk, på anlegga til IVAR IKS der dei tek hand om organisk avfallet frå regionen og produserer biogass På den måten blir det utvikla eit samarbeid mellom regionalt vitensenter, Jærmuse et, skuleverk og industri der skulebarn- og ungdom får prøve seg som forskarar. Lokale skular vil evaluere opplegget i utviklingsfasen, det ferdige opplegget vil gå ut til skular i Rogaland.

Budsjettformål:

PROFORSK-Skole og samfunn

Finansieringskilder

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet