Tilbake til søkeresultatene

VAM-Velferd, arbeid og migrasjon

Sickness absence and working life conditions

Alternativ tittel: Sjukefråvær og tilhøve i arbeidslivet

Tildelt: kr 3,1 mill.

Dette prosjektet tar for seg eit lite utforska felt innan sjukefråværsforskinga, nemleg effektane av tilhøve i arbeidslivet. For det første undersøkjer vi dei kausale effektane av eit seniorpolitisk tiltak - redusert arbeidsbyrde - på arbeidstilbod, sjukefråvær, bruk av primærlege og spesialisthelseteneste. For det andre analyserer vi korleis jobbusikkerheit påverkar sjukefråvær og uførepensjonering på lengre sikt. To motstridande hypoteser, disiplinerings- og samansetjings-hypotesen, kan her setjast opp mot einannan. For det tredje undersøkjer vi samanhengen mellom sjukefråvær og sosial kapital på arbeidsplassen, ved hjelp av detaljerte data frå HUNT-undersøkinga. For å svara på dei to førstnemnde forskingsspørsmåla har vi sett saman eit omfattande datasett basert på norske registerdata på individnivå. Dataene dekkjer alle innbyggjarar og inneheld mellom anna informasjon om arbeidsmarknadstilknytning, sjukefråvær, bruk av fastlege og spesialisthelseteneste. Her brukar vi såkalla naturlege eksperiment for å avdekka årsak- og verknadssamanhengar. Det seniorpolitiske tiltaket som Bratberg, Holmås og Monstad har evaluert, er redusert leseplikt for lærarar over 55 år. Tiltaket er forhandla fram på nasjonalt nivå og utan at løna vart endra, slik at effekten av arbeidsbyrde kan skiljast frå effekten av inntekt. Det kunne tenkjast at læraren ville auka stillingsprosenten når leseplikta går ned. Vi finn ingen slik effekt. Derimot finn vi at ein lette i arbeidsbyrde fører til lågare sjukefråvær og betre psykisk helse blant menn, særleg blant menn som hadde dårleg helse i utgangspunktet. Blant kvinner er ikkje funne nokon effekt. For å analysera korleis jobbusikkerheit påverkar sjukefråvær og uførepensjonering på lengre sikt, brukar Bratberg og Monstad eit finansielt sjokk som ramma åtte norske arbeidsgjevarar (kommunar) i slutten av 2007, nemleg den såkalla Terra-krisa. Frå før veit vi at dette sjokket førte til ein vesentleg nedgang i sjukefråværet i året etter, mest markant blant menn. No analyserer vi sjukefråvær og uføretrygd I eit langsiktig perspektiv, med data for åra 2006-2013. Førebels resultat viser at det gjennomsnittlege sjukefråværet i åra etter 2008 endra seg mykje blant arbeidstakarane i dei berørte kommunane, og at den langsiktige responsen avheng av kjønn. Islam og Rocco undersøkjer forholdet mellom sosial kapital på arbeidsplassen og sjukefråvær. Dei brukar HUNT-data og måler sosial kapital på arbeidsplassen ved å studera svara på tre spørsmål som gjeld samhald på arbeidsplassen, kollegial støtte og trivsel med arbeidskameratane. Studien viser at høg sosial kapital på arbeidsplassen er forbunde med lågare sannsyn for legemeldt sjukefråvær. Dette resultatet gjeld også når ein tar omsyn til helse, livsstil og andre kjenneteikn ved arbeidsplassen enn sosial kapital. Studien er publisert som eit bokkapittel i Elgar Companion to Social Capital and Health, Edward Elgar Publishing Ltd.

Prosjektet har tilført ny kunnskap om korleis faktorar knytta til arbeidslivet og arbeidsplassen påverkar bruk av trygdeytingar og helse. Vi undersøkjer langsiktige effektar av usikkerheit om jobbsituasjonen og effektar av seniorpolitikk, eit felt der det har vore få studiar som viser årsak-verknad-samanhengar. Meir spesifikt analyserer vi effekten av eit framforhandla seniorpolitisk tiltak i grunnskulen og vidaregåande skule; redusert leseplikt for lærarar over 55 år. Vi meiner det har stor verdi å få auka kunnskap om kva faktorar som fører til sjukefråvær og helserelatert avgang frå arbeidslivet, både for arbeids- og næringslivet og for samfunnet generelt.

This project responds to the need for knowledge about the causal effect of workplace conditions and interventions, focusing on two aspects of such conditions. First, on the effects of policies to improve working conditions of older workers (reduced worklo ad and extended holidays) on labour supply, sickness absence and disability retirement, as well as doctor visits. Second, the project addresses how job insecurity affects sickness absence and disability retirement in the longer run. This research will exp licitly consider the discipline and composition hypotheses. Methodologically, we aim to establish causation by exploiting exogenous variation. In the first part, we use reforms that affected older worker differently according to their date of birth, thus they were randomly assigned. In the second, we use an unexpected financial shock that affected a group of Norwegian municipalities, but not others. By using natural experiments we avoid the selection issues that are typically a concern in the literature o n sickness absence and work place factors. The analyses will be done using individual-level administrative register data covering the whole population, with information on sickness absence, health care use and labour market history, from HELFO and the FD- Trygd database.

Budsjettformål:

VAM-Velferd, arbeid og migrasjon