VRI står for verkemiddel for regional innovasjon og er eit program frå Norges forskingsråd for å stimulera til meir bruk av forsking og utvikling (FoU) for betre innovasjon i næringslivet. Programmet er inne i sin tredje periode og det blir gitt støtte b åde til samhandlingsprosjekt og reine forskarprosjekt. Sogn og Fjordane fekk tildelt midlar til eit samhandlingsprosjekt på grunnlag av ein søknad i mai i år. Prosjektet startar opp 1. juli i år.
Samhandlingsprosjektet i Sogn og Fjordane har som overord na mål å stimulera til meir forskings-basert innovasjon for større verdiskaping og konkurransekraft i bedriftene innan dei prioriterte innsatsområda energi, mat og reisliv, og teknologi/IKT. Innsatsområda er valde ut i samsvar med prioriteringar i Verdisk apingsplanen for Sogn og Fjordane 2014-2025, ein plan som nyleg er vedteken av fylkestinget.
Hovudmålet skal nåast gjennom følgjande delmål:
1. Vidareutvikla og styrka samhandlinga i det regionale innovasjonssystemet
2. Næringslivet skal i større grad t a i bruk forskingsbasert kunnskap
3. Betra samsvaret mellom næringslivet sine behov og kunnskapsmiljøa sine tilbod
Erfaringane frå tidlegare VRI-prosjekt i fylket (VRI 1 og VRI 2) har vist at verkemidla kompetanseutvikling og bedriftsprosjekt har vore sæ rleg nyttige for å stimulere til meir FoU-bruk i næringslivet i Sogn og Fjordane, og denne innsatsen vil bli vidareutvikla. I tillegg vil verkemidla mobilitet og dialog også bli nytta. Etter avslutninga av samhandlingsprosjektet i VRI 3 vil dei verkemidla som har vist seg å fungera best, bli vidareførte i arbeidet med iverksetjing av tiltaka i Verdiskapingsplanen.
VRI 3 samhandlingsprosjekt i Sogn og Fjordane vil prioritere innsatsområda energi, mat og reiseliv, og teknologi/IKT.
Innsatsområda er valde ut i samsvar med prioriteringar i Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane 2014-2025. I utarbeidinga av denne pl anen har det vore brei deltaking gjennom parnarskapen Næringsforum.
I VRI 3 er hovudmålet å stimulere til meir forskingsbasert innovasjon for større verdiskaping og konkurransekraft i bedriftene innanfor dei prioriterte innsatsområda. Hovudmålet skal nåa st gjennom følgjande delmål:
1. Vidareutvikle og styrke samhandlinga i det regionale innovasjonssystemet
2. Næringslivet skal i større grad ta i bruk forskingsbasert kunnskap
3. Betre samsvaret mellom næringslivet sine behov og kunnskapsmiljøa sine til bod.
Erfaringane frå tidlegare VRI-prosjekt har vist at verkemidla kompetanseutvikling og bedriftsprosjekt har vore særleg nyttige for å stimulere til meir FoU-bruk i næringslivet i Sogn og Fjordane, og vi vil vidareutvikle denne innsatsen. I tillegg er mobilitet og dialog viktige verkemiddel som vil bli nytta, og som vi forventar gir effektar som betre samsvar mellom FoU-behov og -tilbod.
Etter avslutninga av VRI 3 vil dei best fungerande verkemidla bli vidareførte i arbeidet med iverksetjing av tilta ka i Verdiskapingsplanen.