Tilbake til søkeresultatene

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri

Auka volum av smakfulle norske plommer

Alternativ tittel: Increased production of Norwegian grown plums

Tildelt: kr 7,0 mill.

Føremålet med dette prosjektet var å stimulera til auka produksjon av norske plommer med god fruktkvalitet dyrka på ein effektiv måte. Prosjekteigar Ullensvang Fruktlager og dei andre fruktpakkeria i Noreg ville forbetra dyrkingsteknikken og dermed betra økonomien til dyrkarane. Hovudvekta vart lagt på faktorar som påverkar pollinering og fremjar fruktsetjing hjå ulike handelssortar i plomme. Prosjektarbeidet starta opp som planlagt i 2017 og heldt fram i 2018, 2019, 2020 og 2021, eitt år lengre enn den opprinnelege prosjektplanen grunna korona situasjonen i samfunnet. Ved hjelp av DNA analysar (farskapstesting) vart dei mest suksessfulle pollensortane funne hjå dei aktuelle handelsortane. Dette var grunnlaget for dei kontrollerte kryssingar hjå dei viktigaste handelssortane i plomme der desse pollensortane vart nytta som farsort. Føresetnadane var at mor- og farsort overlappa i blomstringstid. Pollenspiring hjå desse pollensortane vart undersøkt og pollenslangevekst. I tillegg er morfologiske karakterer hjå pollen frå dei ulike sortane studert i elektron mikroskopi. Denne kunnskapen kan nyttast til identifisering av sortar. På grunnlag av desse opplysningane er det gjeve tilråding om val av dei mest aktuelle pollensortane til ulike handelsortar som gjev høg fruktsetjing. Dyrkingssystem som gjev god produksjonsøkonomi vert kartlagt og starta opp i 2017 hjå om lag 20 produsentar fordelt på Aust- og Vestlandet og heldt fram i 2018 og 2019. Ved bruk av agronomiske registreringar frå mange plommeprodusentar, vart det avdekka faktorar som forklarer variasjonen mellom dei. Resultata viste at sorten Reeves gav høgast avling, medan Edda oppnådde den høgaste fruktprisen. Feltforsøk med å studera beremåten hjå ulike sortar for å optimalisera treforminga og skjeringa starta opp i 2018 og heldt fram til 2021. Reaksjonen i trea på ulike kulturtiltak som topping/ikkje topping av toppskotet, ringing, nedbøying og ?knekking? av greiner vart undersøkt. Det viste seg at nedbøying av greiner til eit bord på same måte som for eple fungerte bra til sorten ?Mallard?. Viktige samarbeidspartnarar til NIBIO Ullensvang som FoU ansvarleg var Universitetet i Beograd, Serbia; Universitetet i Sarajevo, B&H; Njøs Næringsutvikling og norske plommedyrkarar. Resultata frå forskingsarbeidet vart formidla kontinuerleg til dyrkarane, ved norske og internasjonale fagmøte og som publikasjonar på norsk og engelsk. Tre masterstudentar frå Universitetet i Beograd, Serbia gjennomførte feltarbeid om pollinering ved NIBIO Ullensvang og har avlagt eksamen i prosjektperioden. Samla er det publisert 8 vitskaplege artiklar, 5 populær vitskaplege artiklar, ein NIBIO Rapport og mange brukarretta formidlingsoppdrag (foredrag til dyrkarar og internasjonale møte).

Dette prosjektet hadde som mål å vidareutvikla dyrkingsteknikkar i norsk fruktdyrking som betrar økonomien. Hovudvekta vart lagt på faktorar som påverkar pollinering og fremjar fruktsetjing hjå dei viktigast plommesortane som vert dyrka i Noreg. Ved hjelp av moderne teknikkar som DNA analysar er det påvist aktuelle pollensortar til desse - såkalla farskapstesting. Saman med bruk av tradisjonelle metodar innan planteforedling, er aktuelle pollensortar funne til desse hovudsortane. Ved å kartleggja det noverande dyrkingsopplegget i plomme med verknader på avling og kvalitet, og økonomisk resultat, vart det avdekka viktige faktorar for det økonomiske resultatet. Resultat frå prosjektet gjev grunnlag for at den norske plommeproduksjonen kan aukast. Dei grunnleggjande kunnskapane om pollinering og fruktsetjing hjå Europeiske plommesortar dyrka i Noreg har internasjonal interesse.

Føremålet med dette prosjektet er å stimulera til auka produksjon av norske plommer med god fruktkvalitet dyrka på ein effektiv måte. NIBIO Ullensvang og samarbeidspartnarar i samarbeid med Ullensvang Fruktlager og dei andre fruktpakkeria i Noreg vil forbetra dyrkingsteknikken og dermed betra økonomien til dyrkarane. Plommearealet i Noreg er jamt aukande år for år, og det vert årleg planta plommetre både på Aust- og Vestlandet. Det samla plommearealet i landet var 3177 daa i 2006 og er 4325 daa i 2015. Den norske arealet har auka med 36 % det siste tiåret, men arealproduktiviteten rekna i kg pr. daa er om lag den same. Prosjektet sin overordna mål er å finna fram til prosessar som gir ein berekraftig produksjon med god økonomi for produsentane. Det skal gjennomførast genetisk kartlegging for optimal krysspollinering og undersøkja blomstringstider, pollenkvalitet og frøing hjå ulike plommesortar for å finna optimale pollineringssystem for årviss og god fruktsetjing. Dyrkingssystem hjå produsentar som gjev god produksjonsøkonomi skal kartleggjast og likeins beremåten hjå ulike sortar for å optimalisera treforminga og skjeringa. Det skal gjennomførast feltforsøk over ein periode på fire år, gjera kunnskapen kjend til norske fruktdyrkarar og publisera resultata.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri