Tilbake til søkeresultatene

OFFPHD-Offentlig sektor-ph.d.

Elektronisk populærmusikk som analog og digital kulturarv Tromsø-scenen 1987 - 1997

Alternativ tittel: Electronic popular music as cultural heritage The Tromsø-scene 1987 - 1997

Tildelt: kr 1,9 mill.

Introduksjon: PhD-prosjektet Å ta vare på det flyktige skal produsere ny kunnskap kring korleis populærmusikk blir til kulturarv, og kring innsamling og forvalting av digital kulturarv i museum og arkiv. Denne nye kunnskapen kan vidare vere med å heve statusen til populærkultur, populærmusikk og materiale som er født digitalt innan sektoren. Den kan bidra til ny tenking kring dagens digitaliseringspraksis i musea, samt auke medvitet kring bindinga mellom digitalisering, økologi og berekraft. Dei tre forskingsspørsmåla er: - Korleis blir nyare populærmusikkhistorie og -arv samla og forvalta? - Korleis blir materielle vitnesbyrd og historiar kring denne kulturhistoria verdsatt, eller tillagt verdi? - Kva slags utfordringar er det populærmusikksamlarar og -kuratorar møter i dag? Materiale: Avhandlinga omhandlar forvalting av populærmusikk som kulturarv i Noreg, og har ein museologisk, og ikkje ein musikkhistorisk inngang. Materialet den baserer seg på er relatert til dei to institusjonane som har hovudansvar for å forvalte denne kulturhistoria i eit nasjonalt perspektiv, nemleg Rockheim - det nasjonale museet for populærmusikk, samt seksjonen for populærmusikk ved Nasjonalbiblioteket.

-

Både den musikalske kulturarva og dokumentasjonen kring den akkumulerer store mengder digitalt materiale som skal forvaltast. Dessverre er det slik per i dag at musea strevar med å utvikle gode forvaltingssystem og –rutinar for å kunne bevare den digitale kulturarva. Arkiva har også juridiske (opphavsrett), tekniske og finansielle utfordringar knytt til forvalting og formidling av musikkhistoria. Det ferske internasjonale forskingsfeltet som omhandlar populærmusikk og kulturarv er per i dag prega av eit sosiologisk og etnografisk fokus på minner og identitet. Slik skil dette prosjektet, som er eit samarbeid mellom Rockheim og NTNU, seg ut frå dei andre. Musikken og framføringa av den vil vere eit fokus, det same vil kvardagen på museum. Som utøver innan kulturarvsfeltet, og med ti års erfaring som kurator ved Det nasjonale museet for populærmusikk i Noreg, gir det meining å gå tettare på populærmusikkhistoria, og nytte seg av, og ikkje minst utvide nettverk, kjelder og samlingar som museet og Nasjonalbiblioteket i samarbeid allereie har oppretta. Ei god gransking av problemstillinga, som kort summert er: kva kan denne kulturarva bestå av, og korleis kan den tas vare på, krevjar konkrete dømer. Med utgangspunkt i konkrete og materielle dømer frå musikkhistoria vil forskinga kunne plukke opp nyansar og detaljar som kan overførast og fortelje noko overordna, samt flytte forskingsfronten eit steg i ei ny retning. Prosjektet skal bygge ei bru mellom den akademiske forskinga på museum og institusjonane som blir forska på. Dette håpar eg vil kunne skape meir kunnskap og forståing i begge leirar, samt bidra med å finne løysingar på konkrete og aktuelle utfordringar og problem. PhD-prosjektet tar utgangspunkt i empiri – musikk, musikarar og scenar som knapt nok er kanonisert og som heller ikkje har vore forska på. Internasjonalt sett, har sjølvsagt sjangeren elektronisk populærmusikk blitt behandla, men den norske scenen er så langt urørt innan akademia. Motivasjonen for å prøve å avgrense det empiriske utvalet til å omhandle det norske baserer seg på mandatet til Rockheim, som i samarbeid med Nasjonalbiblioteket deler eit forvaltingsansvar for den norske populærmusikken og kulturhistoria den er ein del av. Denne avgrensinga kan innimellom vere problematisk. Det vil derfor vere musikk som anten er marknadsført eller omtalt av andre som norsk som er tema. Tromsø 1987 er ein naturleg start, då det var staden og tida då eksperimenteringa i Noreg starta, og det var året då acid house hadde eit kommersielt gjennombrot i England. Det hadde sjølvsagt vore mange elektroniske element – instrument og teknologi, i rocken og popen før den tid. Men det var gjennom den ”arktiske teknoen” at den norske heilelektroniske populærmusikken blei født – musikk laga ved hjelp av midi, sequencere, synthesizere, trommemaskinar og samplere. Med ressursane tilgjengelege i prosjektet vil det vere urealistisk å ta for seg ein periode på over ti år. Dermed blir hovudfokuset i avhandlinga åra mellom 1987 til 1997, som også er åra då aktørane i Tromsø fekk mest internasjonal merksemd.

Budsjettformål:

OFFPHD-Offentlig sektor-ph.d.

Finansieringskilder