Tilbake til søkeresultatene

INNOFFARENA-Innovasjonsarena for stat og kommune

Plantevernmiddel i jærsk jordbruk, kunnskapsproduksjon, normdanningsprosessar og personlege erfaringar, 1930 til 2010

Alternativ tittel: Pesticides and herbicides in practices and personal cripts among farmers at Jæren, 1930-2010

Tildelt: kr 1,6 mill.

«Fyll jorden og legg den under dere» Jordbruk, gift og natur i Norge frå 1875 til 1995 Det er gjort ein historisk analyse av førestillingar om gift, om natur og om interaksjonar mellom dei to fenomena. Det er ein miljøhistorisk studie og undersøker idear om natur og forholdet mellom kunnskapar om miljøgifter og praksisar. Dessutan er det eit landbrukshistorisk forskingsprosjekt. Casen er norsk jordbruk med vekt på Rogaland og bruken av pesticid på 1900-talet og det er undersøkt når giftene blei introdusert for bønder, endringar i førestillingar, kva strategiar som medverka til implementeringa av giftene og handteringa av varsel frå natur angåande giftene sine verknadar. Overordna føresetnad i studien er at ikkje berre menneske skaper historie, anna levande er også i stand til å intervenere, påverke saker og gjere dei meir komplekse. Jordbruk er forstått som ein ide og ein praksis som vil domestisere og forbetre natur. Omgrepet grenser viser fram motsetningar som er nedfelt i jordbruket. Særleg i moderne jordbruk der ideen om høgproduktive monokulturar og orden blir utfordra av mobile natur som vil krysse grenser til praksislandskap. Konklusjonane er at det var normalt og vanleg å bruke gift i jordbruket i Rogland fylke i 1920. Det var oppstått ei kjemiavhengigheit som også var til stade i 1995. Giftene blei vanlegvis brukt mot sopp, insekt og ugras. Av desse organismane utgjorde ugraset største trusselen mot temjinga av praksislandskapa i Norge på 1900-talet. Innføringa av ugrasmiddel gjekk også føre seg i løpet av få år i Rogaland. Årsaka var at nye driftsmetodar i jordbruket førte til at ugraset auka i mengde og artar. Ugrasplantane synleggjorde at moderniseringsprosjektet hadde nedsider, og giftene gav håp om at det var mogleg å temje desse plantene. Førestillingar om natur blei tilpassa giftene og ideen om jordbruk slik at å sprøyte med gift korrelerte med konstruksjonar av natur. Dette var vesentleg årsak til at kjemiske middel heldt fram med å vere ein normal og vanleg del av norske jordbrukspraksisar på 1900-talet. Giftene medførte at kunnskapar om beste praksis innanfor deler av gardsdrifta blei flytta ut av gardseininga og over til landbruksvitskapen. Landbruksvitskapen var også vesentleg for innføringa av giftpraksisar. Med utgangspunkt i Rogaland er konklusjonen at offentleg tilsette rådgjevarar fekk gjennomslag for endringar gjennom overtaling. Arenaer som viste fram forvandlingar giftene skapte, arenaer for underverk, var vesentlege for å få det til. I norsk jordbruk eksisterte det kunnskapar om at giftene hadde skadeverknadar allereie i 1890-åra. Det er vist at varsel frå natur om slike verknadar blei oversett. Dessutan er det eksempel på at det eksisterte slike kunnskapar, men at dei forsvann og måtte oppdagast på ny. Denne studien konkluderer at kunnskapar om miljøgifter sine verknadar i natur ikkje var i stand til å endre overordna førestillingar om giftene eller giftpraksisar.

Ny kunnskap om norsk miljø- og landbrukshistorie: førestillingar om natur og gifter i tidsrommet frå 1875 til 1995. Jærmuseet har nådd mål om samarbeid med andre forskingsinstitusjonar, det er dessutan lagt eit grunnlag for vidare samarbeid mellom museet og slike institusjonar. Museet forvaltar nyare norsk jordbrukshistorie, og prosjektet har bidratt med viktig kunnskap til institusjonen. Det har utvida forståinga av gjenstandssamlinga og av arkiv og anna skriftleg materiale ved Jærmuseet. Det er lagt til rette for revidering og ordning av gjenstandssamlinga, og for formidling av prosjektet og kunnskapen i permanent utstilling. Museet har oppnådd betre forskarkompetanse. Gjennom forskingsnettverket Deadly Dreams var det vore samarbeid med internasjonale fagfellar i ein rekkje arbeidsseminar. Samlingane har vore i Norge, ved Shanghai University og ved Rachel Carson Center i München.

WHO har i dei siste åra retta stor merksemd mot Endocrine Disrupters (EDC) eller hormonforstyrrande stoff, miljøgifter som kan gjere stor skade på helsa til menneske og dyr. Sidan 2.verdskrigen har slike miljøgifter vore ein viktig del av moderne, industrielt landbruk, til dømes gjennom bruken av plantevernmiddel. Slik er det også i Norge. Hovudmålet med dette prosjektet er å gjere ein historisk studie av framveksten av, og endringane i dette feltet. Det vil bidra med ny kunnskap til norsk miljøhistorie og landbrukshistorie. Studien vil ta for seg perioden frå dei syntetiske plantevernmidla vart tatt i bruk etter andre verdskrigen og fram til byrjinga av 2000-talet. I desse åra vart synet seg på kva plantevernmiddel ein kunne bruke, kva som vart definert som skadelege organismar og planter endra. Ph.D-prosjektet skal studere kunnskap, haldningar og interesser som påverka bruken av dei. Plantevernmidla har vore ein viktig del av nyare norsk landbruk, men korleis dei vart og var ein del av kulturen og praksisen til norske bønder er ikkje undersøkt tidlegare. Studien skal konkret ta for seg Jæren, truleg det mest industrialiserte jordbruksområdet i landet. Viktig kjeldematerialet i prosjektet er arkiv i Jærmuseet. Det er gardsarkiv, arkiv frå lag og foreiningar frå lokale bondeorganisasjonar til birøktarlag, som var blant dei første som merka verknadane av desse miljøgiftene, og det er arkiva til forskingsinstitusjonar , rådgjevingstenesta og til industrien som produserte utstyret bøndene brukte i sprøytinga. Ph.D-prosjektet blir del av arbeidspakke Agriculture i prosjektet Deadly Dreams The Cultural History of Poison, 1850-2020, eit internasjonalt forskingsprosjekt som skal undersøke skiftande praksisar og kulturell forståing av miljøgifter. For museet vil prosjektet bidra til revisjon og ordning av samlingar ved Jærmuseet, og bli formidla til publikum i ny permanent utstilling og i undervisingsopplegg til skulebarn og ?ungdom.

Budsjettformål:

INNOFFARENA-Innovasjonsarena for stat og kommune