Tilbake til søkeresultatene

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri

Towards a Future for Common Grazing - rules, norms and cooperation in outlying grazing areas

Alternativ tittel: Mot ei framtid for utmarksbeitet – om reglar, normer og samarbeid i utmarkas beiteområder

Tildelt: kr 1,2 mill.

Den norske utmarka er i rask endring om dagen. Dei tradisjonelle brukarane – typisk dei lokale gardbrukarane – har blitt færre, samstundes driv dei som framleis finst, på ein heilt annan måte enn kva generasjonane før dei gjorde. Frå at mesta alle gardsbruka dreiv fleire ulike produksjonar, der ein gjerne hadde både to og fleire husdyrslag og somtid også ein vel så mangfaldig planteproduksjon, var det spesialiseringa som prega landbruket som vaks fram utover på 60-, 70- og ikkje minst på 80-talet. Det skjedde ei gradvis monotonisering av landbruket kring om i grendene og saman med dei omfattande strukturendringane, der talet på aktive bønder gjekk ned parallelt med at storleiken på bruka auka, så endra også bøndene sin utmarksbruk seg dramatisk. Kanskje var det nett dette dei såg, dei som førte stortingsmeldinga til Gjønnes (St. meld. Nr 19, 1999 – 2000) i pennen. I alle fall var det dette Lars Sponheim såg då han gjorde Gjønnes si då nær to år gamle melding om til politikk. Bønder og bygdefolk skulle igjen «ta heile gardens ressursar i bruk» var Sponheim sitt gjentekne mantra, og slik skaut kommodifiseringa av den norske utmarka fart under den multifunksjonelle perioden for norsk landbruk. I prosjektet FUTGRAZE har me sett at mot dette bakteppet kviler mykje av opphavet åt dei utfordringane dagens beitebrukarar opplever i utmarka. Auka ferdsel kombinert med ei minkande forståing for korleis ein treng å te seg i utmarka der dyr beiter, kviler på denne enorme satsinga på oppleving i utmarka som vaks fram tidleg på 2000 talet. Ikkje berre auka plagene knytt til at grinder vart ståande opne, at utgardar vart trakka ned og at laushundar jaga bufe, men beitebrukarane tapte også politisk posisjon når den lokale utmarkspolitikken skulle utformast. For truleg er det den største og djupaste utfordringa for dagens beitebrukarar; den svekka sosiale og politiske posisjonen lokalt så vel som regionalt og nasjonalt. For det er sjeldan det er beitebruken i utmarka som vert trekt fram som den løfterike næringa når distriktskommunane skal legge sine planar for framtida. Derimot står heilt andre aktørar lengre oppe på lista, aktørar som også krev sin del av utmarka. Tilrettelegging av stiar og løyper saman med utvikling av hytter og anna utbygging har vore viktig for å nå opp i konkuransen om andreheims-bebuarane så vel som dei tilfeldig besøkande i lang tid no. Lokalpolitikarar så vel som forvaltarar i kommunane så vel som i regionane kviler seg på offentlege utgreiingar og meldingar som gir klare tilrådingar om at utmarka er ein viktig ressurs i utviklinga av nye distriktsnæringar. Og tilbake står beitebrukarane og opplever at dei vert tilsidesett i debatten. I takt med at utfordringane aukar står beitebrukarane jamt meir aleine i arbeidet med å informere og sanksjonere overfor utmarksbrukarar som bryt allemannspliktene og gjer sambruk av utmarka vanskeleg for dei tradisjonelle brukarane. Beitebrukarane opplever aukande utfordringar knytt til rekreasjonsbruken av utmarka. Det vert rapportert om stadig større problem med lause hundar og uro i beiteområda. Andre fotturistar derimot – fotturistar utan hund – vert ikkje sett på som ei utfordring, til gjengjeld rapporterer fleire at fotturistar utan hund kan vere positivt for beitebrukarane. Typisk handlar dette om at fotturistar i stor grad gir beskjed til beitebrukarane i fall dei observer dyr som er sjuke eller anna i utmarka. Hytteutbygging kan opplevast som problematisk der hyttebygginga kjem tett inn til gode beiteområder og der utlegging av der løype- og stinettet ikkje tek omsyn til beitebrukarane sin behov. I områder der hytteutbygging og tilrettelegging av stinettet er godt planlagt og der beitebrukarane har fått delta i planarbeidet opplever ein mindre ulemper som konsekvens av hytteutbygging. Det er stor variasjon i korleis dei ulike beitelaga er organisert og korleis dei driv. Der nokre samarbeider tett med mange fellesaktivitetar knytt til både det praktiske arbeidet så vel som det sosiale, er andre meir lausleg organisert med få fellesaktivitetar. I beitelaga med høgt aktivitetsnivå og utbreidd samarbeid framstår også beitelaget som ein viktig trivselsfaktor for beitebrukarane og ein arena for styrking av sosial kapital. Forskingsprosjektet FUTGRAZE foreslår at beitebrukarane treng å organisere seg betre gjennom mellom anna å også nytte beitelaget sitt som eit fagleg-politisk organ i lokale politiske prosessar. Kommunane treng å styrke kompetansen om beitebrukarane sin kvardag og vere var dei konsekvensane ulike tiltak i utmarka kan og vil ha for beitebrukarane i ein freistnad på å finne løysingar som minimerer ulempene og stimulerer til ein mest mogleg friksjonsfri sameksistens i utmarka. Det trengst ei klarare forståing og auka medvit om rettar og plikter for utmarksbrukarane, klarheit i rettsforholda for alle partane i ein prosess gir også eit tryggare fundament i forhandlingar om konkrete omstridde saker.

Prosjektet har vore med på å sette utfordringane beitenæringa står overfor på dagsordenen. Det har vore med på å løfte den offisielle samtala og legge til rette for ein betre dialog mellom ulike brukarinteressene i utmarka. Gjennom gode analysar av grunnlaget for det som har vore relativt djupe konfliktar mellom utmarksbrukarar har ein no sådd ein spire til å samarbeide snarare enn å motarbeide. På kommunalt så vel som på regionalt nivå arbeidar fleire med å lage betre prosedyrar for å ta omsyn til beite bruken når ein planlegg utbygging eller tilretteleggingstiltak i utmarka

In line with extensive structural changes in agriculture, increasing land pressure, commodification and commercialization of outfields, the management of common grazing areas has become far more complex the latter years. In some areas, the conflict level has grown so high that several farmers cannot bear the social strain of continuing with farming. Farmers tell about a long time with poorer cooperation both internally between pasture farmers and between pasture farmers and other stakeholders, a development that has gradually led to fewer grazing animals, lower grazing pressure and steadily increasing encroachment with subsequent loss of biodiversity. While in other areas the grazing pressure has become too high relative to the grazing resources. But at the same time, in other areas, the grazing associations has manage to handle the complexity despite huge challenges sometime bigger than in the areas where the cooperation have stranded. By studying different grazing areas with different governance structures and different types of ownership, this project will identify "best practices" and crystallize alternative ways of organizing, operating and managing pasture areas, with the purpose of reducing the conflict level between farmers that use the outfield for grazing as well as between farmers and other users of the outfield to ensure improved utilization of the grazing resources in the Norwegian outfields. The project aims at identifying how we best can handle the challenges from current changes in the outfields and secure grazing resources for future food production.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Budsjettformål:

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri

Finansieringskilder