HELSEVEL-Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstjenester
Expert reports as basis for decisions in Norwegian child welfare services
Alternativ tittel: Sakkyndige rapporter i barnevernet: Hvilket kunnskapsgrunnlag bygger de på og hvilken rolle har rapportene i barnevernets beslutninger
Barnevernet tek årleg over omsorga for meir enn tusen barn. Desse avgjerdene kviler ofte tungt på rapportar frå barnesakkunnige, som oftast psykologar. I 2010 vart Barnesakkyndig kommisjon etablert for å kvalitetssikre dei barnesakkunnige rapportane. Ein rapport kan ikkje brukast som avgjerdsgrunnlag før kommisjonen har gått gjennom den. Rapportane blir fortløpande arkivert hos Barnesakkyndig kommisjon. Per 2023 inneheld dette arkivet rundt 8000 rapportar. Vi har tilgang til å forske på dette materialet.
Den eine delen av prosjektet har fokus på innhaldet i dei arkiverte rapportane. Prosjektet har utvikla ei kodebok og har samla inn kvantitative data frå 300 sakkunnige rapportar. Vi undersøker kva kunnskapsgrunnlag og normer dei sakkunnige funderer sine resonnement på, og kva metodar dei brukar som grunnlag for vurderingane sine. Vi ser på korleis dei sakkunnige sin bruk av teorier og kunnskap har utvikla seg over tid. Vi har også undersøkt meir spesifikke problemstillingar som til dømes korleis kulturelle spørsmål knytt til minoritetsstatus og etnisitet vert handtert. Ein artikkel er akseptert for publisering. Tre artiklar er i fagfellevurdering, og ein er sendt- alle til internasjonale tidsskrift.
I den andre delen av prosjektet har vi vendt oss til dei som bestiller og brukar rapportane i barnevernet. Her har vi eit komparativt perspektiv og har utforska korleis tilsette i norsk, svensk og engelsk barnevernteneste opplever sakkunnige sin rolle og funksjon i barnevernssaker. Studien frå Noreg viser at barnevernstenesta opplever at sakkunnige rapportar gjev eit blikk utanfrå på saka og reduserer kompleksiteten i problemforståinga, men dei har også erfaring med dårleg kvalitet på rapportane. Frå intervju med svenske barnevernstilsette fann me at dei barnevernfaglege vurderingane bygger på dei tilsette i barnevernet sin fortolking av informasjon frå andre profesjonelle rundt familien, og at overføring av kunnskap frå profesjonelle til barnevernet difor ikkje er nøytral. Resultata frå ein anna studie viser at engelske og norske sosialarbeidarar beskriv at dei er lavere i hierkiet sammenlikna med expertar. Funna peikar og på systemiske faktorer og kulturelle forskjellar med omsyn til status og syn på sosialarbeidarar i barnevernsaker. Vi har også gjennomført individuelle intervju med sakkunnige psykologar for å utforske korleis dei erfarer sin rolle og funksjon, og vi er i gang med å analysere vedtak i Barnevern- og helsenemnda, henta frå Lovdatata. Her utforskar vi korleis nemnda vektlegg den sakkunnige sine vurderingar i vedtak om omsorgsovertaking. Resultat frå desse to studia kjem også i løpet av 2024.
Det store arkivet av sakkunnige rapportar har i liten grad blitt brukt som en læringskjelde, trass i kor avgjerande rapportane er for framtida til barn og familiar. Det er heller ikkje forska systematisk på korleis desse rapporten blir brukt i barnevernets arbeid og avgjerdsprosessar. Målet vårt er å utvikle kunnskap som kan bidra til betring og utvikling av barnevernet sin praksis når det gjeld bruk av sakkunnige. Vi har formidla funn frå prosjektet på nasjonal og internasjonal konferanse. Funn vil også kunne informere framtidige kursprogram for barnesakkunnige og læreplanar for i helse- og sosialfaglege utdanningar.
Annually, Norwegian child welfare authorities take over custody of about 1250 children which are in risk for lifetime health impairments. The decisions often lean on expert reports. From 2010, all expert reports are submitted to The Norwegian Commission on Child Welfare Experts, whose mandate is to assure their quality. By now, an archive of more than 7300 reports has accumulated. Despite their decisive impact on vulnerable children’s health and development, this internationally unique data material has never been subjected to systematic research. The research group has got clearance to access the data register, and has conducted a pilot study.
The objective is to investigate what characterizes expert reports and how they are used in child welfare decision-making processes, to promote sustainable services and reduce unwarranted variations in service provision for users of child welfare services.
The project is organized in two work packages. WP1 investigates the knowledge base, normative standards and the assessment methods of expert reports through qualitative and quantitative analyses. WP2 investigates how expert reports inform practices in child welfare services/-authorities, through qualitative data collection procedures and analyses. Through a cooperation with English and Swedish partners we will compare practices and learn from differences.
The project avoids challenges such as privacy related to health information. As a privacy requirement, exploring the expert reports take place at the premises of the registry. A challenging part will be the initial organising of the material into more fine-masked variables. To meet these challenges, a strength of the project lies in its broad representation from different research disciplines and user-groups. Other data will be managed in accordance with the Norwegian Personal Data Act, including General Data Protection Regulation and HVLs regulations. All personal data will be securely stored on HVLs research server.