Tilbake til søkeresultatene

NORGLOBAL2-Norge - global partner

Women in Transition: Female Employment and Political Empowerment during the Ethiopian Reform Process

Alternativ tittel: Kvinner i transisjon: samanhengen mellom jobb og politisk deltaking under den etiopiske reformprosessen

Tildelt: kr 6,0 mill.

Eit grunnleggjande spørsmål i likestillingsdebatten er korleis ein kan styrke kvinners evne og høve til å ta strategiske val, val som kan endre kvinners liv på ein fundamental måte, det som på engelsk vert kalla empowerment. I dette forskingsprosjektet skal vi sjå på to viktige sider ved kvinners evne til å ta strategiske val, nemleg deltaking i arbeidslivet og politiske deltaking. Vi skal sjå på forholdet mellom det å delta i arbeidslivet og det å delta politisk, og skal sjå på korleis dette forholdet vert påverka av endring i politisk kontekst. Studier frå demokratiske land viser ein sterk samanheng mellom talet på kvinner i arbeidslivet og talet på kvinner som deltek politisk. I autoritære og/eller land i utvikling, og statar som går igjennom ein overgang frå autokrati til demokrati, er denne samanhengen mindre klar. Men ingen eksisterande studier på dette kan seie at det er ein årsakssamanheng mellom kvinners deltaking i arbeidslivet og deira politiske deltaking. Sjølv om desse fenomena samvarierer, så kan vi ikkje seie at det eine fører til det andre. Med vårt forskingsdesign, som inkluderer eit stort randomisert kontrollstudie, geografiske dataanalyser og djupneintervju, så kan vi faktisk seie noko om korleis kvinners deltaking i påverkar deira politiske deltaking. Dette vil gje ny og unik kunnskap og vil vere ein nytt bidrag til litteraturen på dette området. Vi ser konkret på kvinner i fabrikkindustrien i Etiopia, ein av verdas hurtigst vaksande økonomiar. I løpet av det siste tiåret har det opna opp for store jobbmuligheter i fabrikkindustrien. Frå 2018 byrja det autoritære regimet på ein politisk reformprosess. Men teikn tyder på at denne reformprosessen no er stoppa opp eller reversert, særleg etter utbrotet av krigen i Tigray i nordlege Etiopia frå november 2020. Sidan vi har allereie eit stort datasett frå før og under reformprosessen og følgjer opp med nye data også etter 2020, har vi unike høve til å følgje ein dramatisk politisk utvikling i landet. Ein artikkel på samanhengen mellom jobbar og politisk deltaking er i slutten av 2022 akseptert i eit av topptidskrifta i statsvitskap, Journal of Politics (ikkje publisert endå). Dette er ei stor anerkjenning av prosjektet og dei unike dataene og forskingsdesignet vi har. I denne artikkelen viser vi at kvinner som arbeider i fabrikkindustrien er mindre interessert i politikk og er mindre politisk deltakande enn kvinnene i kontrollgruppa, dei som ikkje arbeider i fabrikkane. Dette funnet står i kontrast til mykje av den eksisterande litteraturen på feltet, som argumenterer med at arbeid utanfor heimen fører til meir politisk deltaking blant kvinner. Eit anna interessant funn i dei kvantitative dataene våre er at kvinner som jobbar i fabrikkane har ein større tendens til å skifte etnisk identitet enn kontrollgruppekvinnene. Vi har undersøkt dette kvalitativt gjennom feltarbeid i områda med mest etnisk skifte i 2022. Førebels funn er at fabrikkkvinnene skiftar oppgitt etnisk identitet av instrumentelle årsaker, som eit verkemiddel til å beskytte seg mot etnisk motivert vald eller diskriminering utanfor heimen. Krigen i Tigray har imidlertid hatt konkrete konsekvensar for høve til datainnsamling i denne regionen også etter krigens slutt i 2022. Ein del av fabrikkane der kvinnene arbeidde vart bomba, og mange av dei intervjua kvinnene har vorte internt fordrivne. Vi har difor fått utvida prosjektet med eitt år til, slik at vi kan arbeide for å få gjennomført siste runde med spørjeundersøkingar, og dermed få inn konsekvensane krigen har fått for kvinner og arbeid.

The project outlines an ambitious and bold research agenda, addressing fundamental challenges to the study of female political participation and empowerment. Mainstream economics posits that when a woman enters the labor market, her status is strengthened and it is easier for her to participate on other arenas, like the political one. The evidence for this is mixed, and, more importantly, relatively weak as the results from previous studies are likely confounded by other factors. Using field experiments in Ethiopia, a country with impressive economic growth and political reforms, we study if and how women’s participation in the job market increases the chances of political participation, and how a political transition affects this. Studies from developed/democratic contexts demonstrate that when the percentage of women working increases, women’s political participation also grows. In authoritarian and/or less developed contexts, or where there is a political transition from one regime type to another, this relationship is less clear. Moreover, existing studies are not able to establish a causal relationship between jobs and political participation, but simply demonstrate that the two factors covariate. Connected to Ethiopia’s economic growth, new industries have expanded female job opportunities, and more women are working outside than before. From 2018, the authoritarian regime started a political reform process, expanding the opportunities for political participation. This unique setting, combined with our research design of a large randomized control trial, spatial data analyses, and in-depth interviews enable us to provide new and unique knowledge. We already have a large data set from before and during the transition. If complemented with data from after the reforms, this will enable us to trace the changes and connect them causally with women’s empowerment and political participation, and identify the effects of jobs in the stages of transition.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

NORGLOBAL2-Norge - global partner