Tilbake til søkeresultatene

FRIHUMSAM-Fri prosj.st. hum og sam

Future preservation of past life: A multidisciplinary investigation into preservation of ancient biological remains from medieval cemeteries

Alternativ tittel: Bevaring av fortidig liv for framtida: Ei tverrfagleg undersøking av biologiske leivningar frå mellomalderske gravplassar.

Tildelt: kr 8,0 mill.

Skjelett fortel historiar. Kor snakkesalige dei daude er avheng av kor godt bevart dei er. Men, kva påverkar bevaring av arkeologisk biologisk materiale? For å undersøkje dette spørsmålet, vil vi utføre ei arkeologisk utgraving av ein mellomaldersk gravplass i Stavanger, samt analysar av skjelett frå samlinga til universitetsmuseet i byen. Ei djupare analyse av utvalde skjelett vil illustrere verdien av materialet som arkiv for levd liv. Kor kom dei tidlegaste byborgarane i Stavanger frå? Korleis skilde liva deira seg frå dei som budde på landsbygda når det gjeld kosthold, helse og sjukdommar? Når ein studerer menneske og samfunn i fortida er det få funn som er meir forteljande enn leivningane etter menneska sjølve. Bein og tenner har alltid vore viktig kjeldemateriale for arkeologar. Dette gjeld i enno større grad i dag, med nye metodar som gjer at vi kan analysere gamalt DNA og protein. Slike biomolekyl fortel òg historiar, om individ, og om populasjonar over lang tid. Men, materialet er følsamt for nedbryting og forureining. Det kan redusere moglegheiter for analysar og vår evne til å få skjeletta i tale. Difor er det viktig å undersøke og forstå korleis biologiske leivningar blir brote ned, eller bevart. Dette er ikkje enkelt. Dette er komplekse materialar, grove ned i eit komplekst miljø, i hundrevis eller tusenvis av år. I tillegg er biomolekyla usynlege for det blotte auge. Vi kombinerer difor tradisjonell arkeologi med miljøvitskap og molekylærbiologi. Vi vil bruke dei aller nyaste metodane og teknologiane for å analyser både biologiske leivningar og miljøforhold. Den nye kunnskapen vi oppnår med dette vil kunne bidra til betring av metodar for å sikre og ivareta det verdfulle men skjøre arkivet desse leivningane utgjer. Prosjektgruppa vil samarbeide med interessentar, i hovudsak dagens befolkning i Stavangerregionen. Det er deira historie det gjeld og deira engasjement er nødvendig for å sikre bevaring i framtida. I prosjektets første år har vi starta arbeidet med å ta ut prøvar frå skjelettsamlingar frå Rogaland. Dette inkluderer materiale frå bygrunnen i Stavanger, og frå mellomalderkyrkjegardar andre stader i fylket. Det blir tatt ut prøvar for ulike kjemiske og molekylære analysar for å kunne sei noko både om bevaringsgrad, men òg om kva folk åt og kor dei kom i frå. Vi har vidare utført ei mindre arkeologisk undersøking inne i Stavanger domkyrkje, for å prøve å finne restar etter den tidlegaste kyrkjegarden vi veit var på staden. Dessverre gav desse undersøkingane eit negativ resultat på grunn av forstyrringar av undergrunnen som truleg har øydelagt eldre leivningar. Parallelt har vi vore involvert i ei ann arkeologisk undersøking under golvet i kyrkja i regi av eit pågåande restaureringsprosjekt. Her er det funne mange gravleggingar der gravmaterialet er i svært varierande forfatning. Vi har tatt jordprøvar frå både graver og jordprofilar, som vil kunne gje kunnskap om bevaringstilhøva. Til neste år vil vi gjennomføre ei utgraving utanfor kyrkja, der vi ventar å finne mange graver, frå heile bruksperioden til kyrkjegarden. Vidare har vi hatt møter med referansegruppa vår beståande av interessentar, med representantar for kyrkje, skule, lokal politikk og lokalt kultur- og næringsliv. Vi har haldt opne publikumsforedrag, blitt intervjua av lokale media, og oppdatert nettsida vår regelmessig med nytt frå prosjektet: https://www.uis.no/nb/futurepast

The archaeological deposits in cities with a medieval origin constitute a valuable source of knowledge about the human condition throughout long-term processes of environmental and socio-cultural changes. Skeletal remains and other biological materials are key in this respect, providing a direct window into past lived life. Stavanger was one of few medieval towns in Norway. Skeletal remains from the period have previously been excavated in the city, and in the surrounding rural areas. The collections have never been the subject of systematic research, and current condition of the materials in- and ex situ is unknown. Analyses of ancient biomolecules have become powerful new tools in archaeological research. However, we lack fundamental knowledge on preservation issues concerning this invisible archive. The FUTURE PAST project will involve an excavation of select areas in the city, and advanced analyses of biological remains, both recently excavated, and from the existing collections of human remains. It will be the first to combine multi-scale assessment of material and environmental conditions with state of the art bioarchaeological methodologies, including the analyses of ancient lipids, proteins and DNA. We will use a new holistic approach to explore the relationships between material and environmental conditions at different scales of analyses: Molecular to macro preservation of biological remains; grave, site and regional/storage environment. This will address the societal and scientific challenge of monitoring and safeguarding the invisible and sensitive biomolecular archives. The project will promote a new line of research within conservation science; the conservation and management of biomolecular cultural heritage. It is a timely research proposal as biomolecular analyses are being established as standard tools in archaeology. We therefore need to address the conservation challenges facing the biomolecular archive.

Aktivitet:

FRIHUMSAM-Fri prosj.st. hum og sam