Tilbake til søkeresultatene

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri

Rett pollinering for auka fruktsetjing , større avling og betre fruktkvalitet i eple

Alternativ tittel: Pollination of apple trees for improved yield and fruit quality

Tildelt: kr 6,0 mill.

Føremålet med dette prosjektet er å stimulera til auka produksjon av norske eple med god fruktkvalitet dyrka på ein effektiv måte. Mengda konsumeple levert gjennom engros-systemet har dei 17 siste åra variert frå om lag 12 000 tonn i 2002 til 5 300 tonn i 2015. Den norske produksjonen har minka i denne perioden. Arealet har og vore minkande, men det vert for tida planta til aukande areal med epletre. Det er fylka Vestland, Viken og Vestfold og Telemark som har størst omfang. Prosjektet sin overordna mål er å finna fram til prosessar som gir ein berekraftig produksjon med god økonomi for produsentane. Det skal gjennomførast genetisk kartlegging for optimal krysspollinering og undersøkja blomstringstider, pollenkvalitet og frøing hjå ulike eplesortar for å finna optimale pollineringssystem for årviss og god fruktsetjing. For at pollinerande insekter skal vera attraktive til pollinatorane, er nektar og pollen avgjerande. Pollen og nektar frå handels- og pollensortar i eple skal difor samlast inn og analyserast kjemisk. Dyrkingssystem hjå produsentar som gjev god produksjonsøkonomi skal kartleggjast. Det skal gjennomførast feltforsøk over ein periode på fire år, gjera kunnskapen kjend til norske fruktdyrkarar og publisera resultata. Vårane 2020 og 2021 vart det registrert blomstringstider hjå ulike eplesortar og samla inn i pollen for spiretesting. Arbeidet med genetisk identifisering av pollensortar hjå ulike eplesortar (farskaps-testing) starta opp i 2020 og heldt fram i 2021. Hjå utvalde epledyrkarar som oppnår store og jamne avlingar, er arbeidet med kartlegginga av erfaringsgrunnlaget starta opp. Det skal reknast ut økonomisk resultat på dei utvalde felta basert på dei viktigaste økonomiske faktorane.

Føremålet med dette prosjektet er å stimulera til auka produksjon av norske eple med god fruktkvalitet dyrka på ein effektiv måte. Mengda konsumeple levert gjennom engros-systemet har dei 17 siste åra variert frå om lag 12 000 tonn i 2002 til 5 300 tonn i 2015. Den norske produksjonen har minka i denne perioden. Arealet har og vore minkande, men det vert for tida planta til aukande areal med epletre. Det er fylka Hordaland, Telemark, Buskerud, Sogn og Fjordane og Vestfold som har størst omfang . Prosjektet sin overordna mål er å finna fram til prosessar som gir ein berekraftig produksjon med god økonomi for produsentane. Det skal gjennomførast genetisk kartlegging for optimal krysspollinering og undersøkja blomstringstider, pollenkvalitet og frøing hjå ulike eplesortar for å finna optimale pollineringssystem for årviss og god fruktsetjing. For at pollinerande insekter skal vera attraktive til pollinatorane, er nektar og pollen avgjerande. Pollen og nektar frå handels- og pollensortar i eple skal difor samlast inn og analyserast kjemisk. Dyrkingssystem hjå produsentar som gjev god produksjonsøkonomi skal kartleggjast. Det skal gjennomførast feltforsøk over ein periode på fire år, gjera kunnskapen kjend til norske fruktdyrkarar og publisera resultata. NIBIO Ullensvang og samarbeidspartnarar i samarbeid med Norsk landbruksrådgiving Viken og dei andre fruktpakkeria i Noreg vil forbetra dyrkingsteknikken og dermed betra økonomien til dyrkarane.

Budsjettformål:

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri