Tilbake til søkeresultatene

MARINFORSKFISK-Marine ressurser og miljø - fiskeri

Developing flexible instruments for mixed fisheries

Alternativ tittel: Utvikling av fleksible instrument for blanda fiskeri

Tildelt: kr 13,0 mill.

Mange fiskeri over heile verda er overbeskatta. I blanda fiskeri, der fleire artar vert hausta samstundes med fangstrater som kontinuerleg endrar seg, er bifangst og utsortering av liten fisk svært relevante problem. Likevel vert mange bestandar forvalta enkeltvis, med kvoter som ikkje er i samsvar med fangstrater. Dette kan føre til ineffektivt fiske, teknologiske tilpassingar, utkast og feilrapportering. I tillegg til fiske, har miljøtilhøva stor innverknad på marine økosystem. I ein slik samanheng er det viktig med betra forvaltingssystem. I dette prosjektet vil ein samanlikne ulike reguleringsformer for forvalting av blanda fiskeri. Arbeidshypotesa er at vellukka forvalting av blanda fiskeri krev meir fleksible reguleringar enn det som er vanleg for enkeltbestandar. Ein oppnår fleksibiliet ved eit system som tillet overføring av kvoter innan og mellom år og dessutan overføring av kvoter mellom farty. Dette kan kombinerast med høvelege sanksjonar eller belønning, anten finansielt og/eller ved tilpassing av kvotene. Denne fleksibiliteten gjev fiskarane høve til å tilpasse fangstar og kvoter i blanda fiskeri og vil støtte oppunder implementering av det som er kjent som Pretty Good Yield (ganske godt utbytte) forvalting. Det vil verte gjennomført empiriske studier av blanda fiskeri i Nordsjøen, men implikasjonane for internasjonale fiskeri vil og verte vurdert. I studiene vil ein og ta omsyn til relevante internasjonale fiskeriavtalar. Prosjektet vil omfatte ulike metodologiar som biologisk og bioøkonomisk modellering i statisk og dynamisk samanheng. Ein vil og analysere korleis fiskarane vil etterleve reguleringane, med ei sosiologisk tilnærming til korleis større fleksibilitet kan betre legitimiteten til reguleringane.

This research project compares various forms of regulations for managing dynamic fisheries targeting mixed fisheries. Current systems of implementing quota regulations might induce incentives for discarding and misreporting. The working hypothesis is that a successful implementation of mixed fisheries management may require a more flexible control than what is achieved with traditional instruments. Flexibility is achieved while much of the control is maintained by using a scheme that allows for quota transfers within and between periods together with quota trading. This banking/borrowing feature is a roll-over to next year’s quota and might be combined with suitable penalties/rewards, either financially and/or through adjustment of future quotas. Banking/borrowing without a penalty/reward scheme might give too much flexibility for vessels resulting in less control. The quota flexibility facilitates the fishers' ability to balance catches and quotas in mixed fisheries and supports the implementation of Pretty Good Yield (PGY) measures. The project is organised in four Work Packages: WP 1 further develops the biological part of the multispecies FLBEIA North Sea bioeconomic model by applying new knowledge and by incorporating Norwegian data. WP 2 introduces more modules in the bioeconomic model and evaluates short-run and long-run effects on fleet investments and fleet dynamics with respectively malleable and non-malleable capital. WP 3 studies compliance behaviour using static and dynamic models. WP 3 also take a sociological approach on how to achieve sufficient legitimacy and regulatory compliance in the industry by studying current legal frameworks, marketing structures and enforcement practices. WP 4 investigates compliance motivation among fishers using a survey and involves various stakeholders to find their priorities and get their feedback.

Budsjettformål:

MARINFORSKFISK-Marine ressurser og miljø - fiskeri