Tilbake til søkeresultatene

KLIMAFORSK-Stort program klima

Sirkulære Nordhordland

Tildelt: kr 0,48 mill.

Kva betyr berekraft på lokal skala? Korleis blir kunnskapen som vi legg til grunn for berekraftig utvikling til? I vandreutstillinga Sirkulære Nordhordland utforskar vi berekraftsmål i ein regional kontekst i Noreg sitt einaste UNESCO Biosfæreområde. Innhaldet i utstillinga er basert på forsking, talmateriale, problemstillingar og narrativ med forankring i regionen, og går særleg i djupna på fem tema: fotosytense, livet på land, livet i havet, energi og industri.

Prosjektet er ei vandreutstilling som vart lansert i mai 2024. Gjennom nye samarbeid i prosjektperioden får utstillinga høg eksponering for regionen (Nordhordland) sine 8 500 skuleelevar, samt øvrige innbyggjarar, næringsliv og turistar. Prosjektet har innfridd planar for innhald og formidling, og fasiliterer god forståing og tillitsbygging til forsking i regionen.

Sirkulære Nordhordland Prosjektet Sirkulære Nordhordland er ei vandreutstilling som formidlar forsking på korleis menneska påverkar biologisk mangfald og karbon-, energi-, materialekretslaupet. Utstillinga dekker bakgrunnen for dei store forskingsspørsmåla, forsking som prosess og forskingsresultat. Innhaldet i utstillinga er forankra i Nordhordland UNESCO Biosfæreområde som er Noreg sitt første modellområde for berekraftig samfunnsutvikling på tvers av sektorar. Utstillinga har særleg relevans for målgrupper med kjennskap til regionen, men innhaldet vil også vere overførbart til målgrupper utan denne kjennskapen. I tillegg til ei kjerneformidling om biologisk mangfald og karbon-, energi-, materialekretslaupet inneheld utstillinga fire sektorretta element som går i djupna på desse tema innanfor 1) landbruk, skogbruk og vilt, 2) havbruk og fiske, 3) energi og 4) industri. Utstillinga skal synes fram korleis kunnskapsproduksjon gjennom forsking går føre seg, og stimulere publikum til å reflektere over konsekvensar av eigen livsstil og åtferd. Fordi utstillinga er utforma som ei vandreutstilling vil den bli synt fram på eit stort spekter av arrangement med svært varierande publikumssamansetting. Målgruppene inkluderer derfor lokale innbyggjarar, norske og utanlandske turistar, skuleelvar, studentar og nøringslivsaktørar. Når utstillinga ikkje er utplassert på eit arrangement eller ein midlertidig utstillingsarena skal ho stå utstilt på Museumssenteret i Hordaland, avdeling Lyngheisenteret.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

KLIMAFORSK-Stort program klima