Tilbake til søkeresultatene

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri

Siderspråk og produktdifferensiering

Alternativ tittel: Cider language and product differentiation

Tildelt: kr 0,80 mill.

Eit eige siderspråk tilpassa norsk sider har vore etterspurt frå næringa. I prosjektet skal det utviklast eit verktøy (aromahjul) for å setje ord på kva sideren smakar. Verktøyet skal nyttast både i kommunikasjon mellom produsentar og kundar, mellom vinkelnarar og restaurantgjestar, og dessutan i situasjonar der sider blir seld. Verktøyet skal og nyttast til å utvikle menyar med sider, under produksjon av sider og til å utvikla nye produkt. Ein skal nytte eksisterande produkt, og resultat frå småskalaforsøk, der ein har kontroll på eplesort, gjær og andre høver under fermenteringsprosessen, for å utvikla aromahjulet. Småskalaforsøk skal gjennomførast for å få meir kontroll over kva faktorar som påverkar ulike sensoriske eigenskapar i norsk sider. Denne kunnskapen skal hjelpe produsentar å få ein meir målretta produksjon og kan bidra til å utvikla sidrar med nye smakar. Interessante funn og smakar frå småskalaforsøka skal vera grunnlag for oppskalering av nye produkt hjå produsent. Kunnskapen og siderspråket skal implementerast i sidernæringa, restaurantar og hjå forbrukarar. Hanen, Fagskulen i Vestland og Fagskolen Viken og Universitetet i Sørøst-Norge skal bidra med opplæring og formidling. Ein vil nytta restaurantar i prosjektet som "pilotar" for sider på menyen.

Eit eige siderspråk tilpassa norsk sider har vore etterspurt frå næringa. I prosjektet skal det utviklast eit verktøy (aromahjul) for å setje ord på kva sideren smakar. Verktøyet skal nyttast både i i kommunikasjon mellom produsent og kunde, mellom vinkelnar og restaurantgjest, mellom salskanalar for sider og kundar. Verktøyet skal og nyttast til å utvikle menyar med sider, under produksjon av sider og til å utvikla nye produkt. Ein skal nytte eksisterande produkt, og resultat frå småskalaforsøk, der ein har kontroll på eplesort, gjær og andre høver under fermenteringsprosessen, for å utvikla aromahjulet. Småskalaforsøket skal gjennomførast for å få meir kontroll over kva faktorar som påverkar ulike sensorisk eigenskapar i norsk sider. Denne kunnskapen skal hjelpe produsentar å få ein meir målretta produksjon og kan bidra til å utvikla sidrar med nye smakar. Interessante funn og smakar frå småskalaforsøka skal vera grunnlag for oppskalering av nye produkt hjå produsent. Kunnskapen og siderspråket skal implementerast i sidernæringa, restaurantar og hjå forbrukarar. Hanen, Fagskulen i Vestland og Viken og USN, samt andre partnarar skal bidra med opplæring og formidling. Ein vil nytta restaurantar i prosjektet som "pilotar" for sider på menyen.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri

Finansieringskilder

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet