Tilbake til søkeresultatene

FORNY20-FORNY2020

Styrke innovasjonskraft i forskingsprosjekt gjennom auka samarbeid mellom føretak og Vestlandets innovasjonsselskap.

Alternativ tittel: Strengthening innovation potential in research projects through collaboration between Helse Fonna and the Technology Transfer Office (VIS).

Tildelt: kr 0,40 mill.

Prosjektnummer:

342843

Prosjektperiode:

2023 - 2024

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

MindMe: Personar med nedsatt kognitiv fungering har større risiko for å få psykisk sjukdom. Tilgjengelighet til psykiske helsetjenester for denne gruppa er mindre enn for befolkningen generelt. Det er behov for nye måter å nå desse pasientgruppene på. Det er anbefalt å utvikle kognitivt inkluderande kartleggins- og evalueringsløysingar. MindMe er ei overbygging på fleire prosjekt som har som mål å utvikle slike verktøy. Det er allereie utvikla ein skjemabygger for kognitivt inkluderande kartleggingsskjema, ein katalog med ulike skjema som er/blir brukartesta. Ein vil gå vidare med å utvikle ei løysing der behandlar i spesialisthelseteneste, kommunalt helsepersonell og brukar har tilgang. I løysninga skal det vere tilgang til aktuelle skjema og ein skal kunne tilpasse aktuelle skjema til den enkelte pasient. Pasient og behandlingsteamet rundt skal kunne samhandle og bruke kartleggingsdataene i oppfølging. Plattforma skal integrerast mot aktuelle journalløysingar. ANeED: Demens med Lewylegemer (DLB) er den nest vanlegaste forma for demens etter Alzheimers sjukdom. Det er i dag ingen behandling som kan kurere sjukdommen eller bremse sjukdomsutviklinga. ANeED-studien ser på effekten av ambroksol hos personar med DLB i ein tidleg fase. Som ledd i denne kliniske legemiddel-studien er det utvikla ein digital applikasjon eller "app" med fleire funksjonar; påminning til deltakarane om å ta studiemedikasjon, rapportere at medikasjon er tatt og dagleg rapportering av biverknadar. Det er mogleg til å ta imot data frå digitale sensorar. Biometriske data vil kunne bli viktig for tidleg og korrekt diagnose og vurdere behandingseffekt. Verktøyet vil også kunna bidra til at meir av kliniske studiar kan gjennomførast heimefrå. Helse-Fonna ynskjer å få ANeED-applikasjonen godkjent som medisinsk utstyr, gjere den tilgjengeleg for andre forskarinitierte kliniske behandlingsstudiar og integrere den mot verktøy som er vesentlege for oppfølging av deltakarar i kliniske studiar.

Hovudmålsetting i Helse Fonna sin strategi for forsking og innovasjon gjeldande frå 2021 til 2026 er at føretaket skal ha forsking og innovasjon av god kvalitet i alle kliniske einingar. Føretaket har etablert rutinar som skal understøtte gjennomføring av innovasjonsprosjekt, har inngått samarbeidsavtale med VIS og har tilsett koordinator for innovasjonsprosjekt i fast stilling. Helse Fonna har no to større innovasjonsprosjekt som har som mål å utvikle nye måtar å levere tenester på. MindMe-prosjektet som utviklar ei digital psykisk helseundersøking. Undersøkinga gir kommunikasjonsstøtte med enkelt språk, bilete og film. ANeED studien er på demens. Prosjektet skal teste ut ny bruk av medisin og berbare einingar som kan bidra i diagnostikk og måling av effekt. Innovasjonsprosjektet knytt til dette prosjektet er utvikling av ein app som mellom anna skal gi støtte til deltakarane si prosjektdeltaking; påminning om å ta studiemedikasjon, registrere biverknadar og så bortetter. Helse Fonna har over fleire år hatt avtale med Vestlandets Innovasjonsselskap (VIS). VIS har bistått Helse Fonna med rettleiing for handtering av kommersielle rettar til arbeidstakarresultat. Samarbeidet er for 2022 utvida slik at VIS er Helse Fonna sitt teknologioverføringskontor (TTO). Dette betyr at VIS bistår i Helse Fonna sine innovasjons, kommersialiserings- og forvaltningsaktiviteter for immaterielle rettar og verdiar som blir generert av medarbeidarar i Helse Fonna. Helse Fonna søker om å bruke eventuelt tildelte midlar frå denne utlysinga til kjøp av tenester hjå VIS, slik at dei kan bistå føretaket i kommersialiseringsvurdering og oppfølging av innovasjonsprosjekt. No er dette mest aktuelt for ANEeD app’en og MindMe, men midlane er også aktuelle å bruke i å identifisere prosjekt i komande periode som har eit kommersialiseringspotensiale.

Budsjettformål:

FORNY20-FORNY2020

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet