Tilbake til søkeresultatene

OFFPHD-Offentlig sektor-ph.d.

Yrkesaktivitet i eldre år. Kva skal til for at fleire 60-åringar kan, og vil, halda fram å arbeida til dei når den øvre aldersgrensa?

Alternativ tittel: Occupational activity in older years. What will it take to make more people able, and willing, to continue working until upper age limit?

Tildelt: kr 2,0 mill.

Prosjektleder:

Prosjektnummer:

345576

Prosjektperiode:

2023 - 2027

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

OECD har rekna ut at for å halda sysselsettingen i Norge på dagens nivå må ‘yrkesaktiv alder’ auke med fire år innan 2050. Det betyr at i tillegg til å motvirke tidleg avgang, ein må også stimulere til sein avgang. God seniorpolitikk kan bidra til at fleire både kan og vil ynskja å fortsetja lenger. Seniorpolitikk i arbeidslivet er samfunnet og verksemdene sine strategiar for å førebyggje uønska tidlegpensjonering og gjere det meir attraktivt å halde fram i arbeid. Dette PhD. - prosjektet vil fokusere på verksemdsnivået. Kva kan verksemder gjere på for at fleire skal kunne og ville arbeide lenge? Den gjennomsnittlege avgangsalderen har auka med om lag to år sidan 2001, men har dei siste åra stoppa opp. Denne utviklinga tyder på at det trengs forsterka innsats for å auke avgangsalderen. Målet med dette prosjektet er å gje nye innspel til leiarar, HR-medarbeidarar og tillitvalde til å utvikle god seniorpolitikk på sine arbeidsplassar som gagnar både den tilsette og verksemda. Hovudvekta av den foreliggande forskninga har konsentrert seg om korleis ein kan hindre at yrkeaktive går ut av arbeidslivet for tidleg. I dette prosjektet vil vi bringe inn eit litt anna perspektiv. Her ynskjer vi å sjå på kva faktorar som har særleg betydning for å arbeide lenger enn til det som i dag er gjennomsnittleg avgangsalder. Ei vanleg inndeling av faktorar som bidreg til å slutte eller fortsette er såkalla push-, pull- jump-, stuck- og stayfaktorar. Pushfaktorar er forhold ved arbeidet som skyv ein ut av arbeidslivet. Pullfaktorar viser til forhold utanfor arbeidslivet som freistar yrkesaktive over i eit anna tilvære. Stayfaktorar er positive faktorar som bidreg til at ein gjerne vil fortsette. Datakilder i prosjektet vil være Norsk seniorpolitisk barometer, NorLAG– den norske studien av livsløp, aldring og generasjon og ulike tilgjengelige og relevante registerdata. Artiklane vil ta for seg ulike aspekt ved verksemdsnivået som har betydning for lange og gode yrkesliv.

Det har lenge vore ei samfunnspolitisk målsetjing at fleire seniorar fortset lenger i arbeidslivet. Det er mange grunnar til at det er viktig. Det er viktig for bærekrafta til pensjonssystemet, det er viktig for tilgang på arbeidskraft og det er viktig for finansiering av velferdsstaten. Det kan også være viktig for mange seniorarbeidstakarar. For den enkelte vil det imidlertid være ulike ynskjer og moglegheiter for å arbeide lenger. Både ynskjer og moglegheiter avheng av ei rekkje faktorar, i arbeidslivet, i pensjonsordningar, hjå individet, i familien, i lokalsamfunnet og i korleis politikken er utforma på mange samfunnsområder. Dei siste åra har vi observert ei stagnering i avgangsalderen etter at den auka frå rundt tusenårsskiftet. I dette prosjektet ynskjer vi å studere kva faktorar ved arbeidet som har betydning for å jobbe lenger enn til dagens gjennomsnittlege avgangsalder som er drygt 65 år. Formålet med prosjektet er å gje Senter for seniorpolitikk ny kunnskap som kan formidlast til arbeidslivet og bidra til at det kan utviklast nye og betre strategiar for at fleire ynskjer å arbeide lenge. Til å analysere dette vil vi bruke data fra Norsk seniorpolitisk barometer, den norske studien av livsløp, aldring og generasjon (NorLAG), samt registerdata. Desse kjeldene inneheld informasjon om kjenneteikn ved arbeidet, ønska og faktisk avgangsalder, kjønn, alder, utdanningsnivå, bransje mv. I tillegg vil vi gjere ad hoc-undersøkingar tilpassa prosjektet. Prosjektresultata har eit stort potensiale for å koma til nytte. Senter for seniorpolitikk har fleire etablerte kanalar og arenaer for formidling av resultat til relevante mottakarar. Senteret har tett kontakt med partane i arbeidslivet, arrangerer årleg forskningskonferanse, fleire formidlingsseminar i året, utarbeider kurs- opplærings og foredragsmateriell, har eiga nettside og nyhendebrev mm. Potensialet for å få resultata frå prosjektet ut i praksisfeltet på ulike nivå er derfor stort.

Budsjettformål:

OFFPHD-Offentlig sektor-ph.d.

Finansieringskilder