Tilbake til søkeresultatene

MILJØFORSK-Miljøforskning for en grønn samfunnsomstilling

Nyskapande metodar for naturdata og arealrekneskap for å vise samspeleffektar mellom natur og klima på Vestlandet

Alternativ tittel: Innovative methods for nature data and land-use accounting to demonstrate joint effects of nature and climate in western Norway

Tildelt: kr 5,0 mill.

Arealbruk er i dag ein sterk drivar for klimagassutslepp, sårbarheit for klimaendringane og redusert naturmangfald. Dei tre fylkeskommunane på Vestlandet jobbar for å ta vare på natur ved å synleggjere moglegheiter for synergiar og avveging mellom naturmangfald, jordvern og klima. Saman med Vestlandsforsking og Norsk institutt for naturforsking (NINA), vil vi betre rammeverket for avgjerdsgrunnlaget for arealdisponering med omsyn til natur og klima. Slik kan vi vere med på å sikre gode avgjersler som er i tråd med regionale planar i dei tre fylka, og nå nasjonale og internasjonale forventningar om berekraftig arealbruk og reduksjon av klimagassar i arealbrukssektoren. Kvifor held vi på vestlandet fram med avgjerdsler om arealbruk som forsterkar både natur- og klimakrisa, tvert imot gode råd og klare forventingar? Vestlandsforsking vil søke å forstå kva vilkår som må til for at samspeleffektar mellom klima og naturmangfald vert betre forstått og vektlagt i politiske avgjerder om arealbruk. NINA vil forbetre kunnskapsgrunnlaget for naturtypar. I dag er det mangel på oppdaterte og heildekkande kart for natur, ettersom det er dyrt, ressurskrevjande og vanskeleg å kartlegge i felt. Bruk av maskinlæring for å analysere satellittdata har effektivisert kartlegging av myr, og gir mogelegheit for høgare nøyaktigheit og oftare oppdateringar av kart. NINA vil vidareutvikle denne metoden for å kunne kartlegge andre naturtypar i tillegg. Rogaland og Møre og Romsdal har publisert sine første arealrekneskap med Agder fylkeskommune sin metode. Saman med Vestland, vil dei tre fylka vidareutvikle denne metoden, og skape eit arealrekneskap som gjer at vi kan sjå arealbruk i samanheng på tvers. Resultata frå Vestlandsforskings og NINAs forsking vil nyttast i dette arbeidet. Saman har vi eit heilskapleg prosjekt som ser både på vilkår for å forbetre og effektivisere avgjerdsprosessar i offentleg sektor, med datagrunnlag og verktøy for god planlegging, forvaltning og avgjerdsler.

Arealbruk er i dag ein sterk drivar for klimagassutslepp, sårbarheit for klimaendringane og redusert naturmangfald. Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023–2027 forutset at fylkeskommunane og kommunane bidreg til å nå måla om reduserte klimagassutslepp, og sikring av naturmangfald gjennom planlegging. Offentleg forvaltning har i dag ikkje godt nok kunnskapsgrunnlag eller verktøy for å vektlegge klima og miljø i avgjerdsprosessar om arealbruk. Med eit tverrfagleg team av samfunnsvitarar, naturvitarar og byråkratar, vil vi utvikle eit innovativt verktøy og medverknadssopplegg for å auke desse omsyna under arealdisponering. Vi skal betre ein nyutvikla metode for heildekkande naturkartlegging og lage eit verktøy for arealrekneskap som skal takast i bruk i arealforvaltning så raskt som mogeleg. Prosjektet skal også avdekke vilkår for at dei nye data og metodane vert brukt og vektlagd i avgjerdsprosessar. Noverande system for konsekvensutgreiing er tidvis utilstrekkeleg for å sikre naturmangfald og økosystemtenester. Bruk av fjernmåling og djuplæring har berre vore brukt i Norge til kartlegging av våtmark med stor suksess. Vil vi vidareutvikle denne metoden og skape eit heildekkande naturtypekart. Verktøy for arealrekneskap har blitt utvikla i fylkeskommunane Agder og Viken. Vi vil bygge vidare på desse metodane og tilpasse dei til vestlandske behov og naturforhold. Dette gjer vi gjennom brukarinvolvering, vidareutvikling og testing. Resultata i prosjektet vil få stor nytte for den offentlege forvaltninga på Vestlandet, med potensial for oppskalering nasjonalt og internasjonalt, gjennom medverknad og samskaping. Med betre arealplanlegging vil resultata gi høve til å bruke oppdatert, kartfesta kunnskap tidleg i planprosessen, auke fagleg kvalitet på alternativvurderingar og bidra til høgare prioritering av fortetting. Dette vil føre til sikring av naturmangfald, reduksjon av klimagassutslepp, auka karbonlagring, klimatilpassing og jordvern.

Budsjettformål:

MILJØFORSK-Miljøforskning for en grønn samfunnsomstilling

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet