Tilbake til søkeresultatene

BALANSE-Kjønnsbalanse i toppstillinger og forskningsledelse

Equality in sight: Balanse og mangfald ved Høgskulen i Volda

Tildelt: kr 1,0 mill.

«Equality in sigth» er eit prosjekt for kjønnsbalanse og mangfald ved Høgskulen i Volda, og det gir tilgang til deltaking i den nasjonale BalanseHuben (2024-2026). Formålet med «Equality in sight» er at fleire kvinnelege tilsette skal oppnå opprykk til første- og toppkompetanse gjennom støtte og målretta jobbing med vitskapleg publisering og søknader om eksterne forskingsprosjektmidlar. HVO har utfordringar med kjønnsbalanse og treng å auke medvitet om mangfald. Deltakinga i BalanseHuben vil vere med på å sette fokus på korleis Høgskulen i Volda kan arbeide for å nå måla om kjønnsbalanse. HVO vil motivere og støtte kvinner til å satse på ein forskarkarriere, mellom anna gjennom kvinnenettverket, og auke mangfaldet. Prosjektet er forankra i leiinga med forskingssjef som prosjektleiar. Vi søker også om ei stilling i 30% som skal bidra til å organisere og gjennomføre tiltaka og kvinnenettverket. HVO har gode opprykksprogram i form av ph.d. i ei 50/50 ordning og professor-/dosentstipend, og dei siste åra har kvinner vore tildelt omlag halvparten av midlane frå desse ordningane. Dette gir forskingstid og høve til å bygge kompetanse hos den enkelte, men det endrar ikkje strukturane og kulturen som kan hindre kvinner i å søkje og oppnå opprykk. Forsking og statistikk viser at det er høgare sannsynlegheit for at mannlege enn kvinnelege førsteamanuensar vert professorar. Vi vurderer at vi må jobbe meir strategisk og arbeide målretta med strukturelle, kulturelle og historiske årsaker til manglande kjønnsbalanse og lite mangfald. Det handlar ikkje om å kvotere, men om å motivere kvinner og innvandrarar til å satse på ein akademisk karriere og å ha dei rette strukturane på plass for å støtte dei i dette. Dei mest sentrale utfordringane vi forventar å møte i prosjektet er nettopp å treffe med dei gode løysingane som gjer at kvinner får moglegheit til å prioritere eit akademisk karriereløp og å rekruttere fleire vitskaplege tilsette som er etterkommarar av innvandrarar.

Budsjettformål:

BALANSE-Kjønnsbalanse i toppstillinger og forskningsledelse

Finansieringskilder