Tilbake til søkeresultatene

MOBI-Mobilisering

"Høgskule og region - høgskulen som sentral regional utviklingsaktør"

Tildelt: kr 2,1 mill.

Prosjektet tek utgangspunkt i målsetjingar i HSF sin strategiplan, der det heiter at ”Utfordringane for HSF blir også å utvikle seg vidare slik at høgskulen kan forsvare og helst forsterke rolla som regional utviklingsaktør. Med utgangspunkt i vår deltaki ng i SMB-K og SMB-K fram til no øsnkjer vi gjennom det nye prosjektet: 1) Vidareføre dei bedriftsretta utviklingsprosjekta innanfor SMB-K med fem prosjekt i 2003 og seks i 2004. Vi ønskjer her eit betydeleg tettare samarbeid med SND, og at SkatteFUNN-ordninga kan leggjast til grunn for eitt av prosjekta frå 2003.TEFT-prosjek ta skal på ein meir konkret måte integrerast i SMB-K-prosjekta våre 2) Gjennom ”institusjonsstrategien” ønskjer vi å tilsetje prosjektleiar i fullstilling. Det skal leggjast betydeleg meir vekt på internalisering av erfaringar og lærdommar frå næringslivsprosjekta våre. HSF skal verte ein lærande organisasjon (også) på de tte feltet. Vi legg opp til eit pilotprosjekt med praksisplassar i næringslivet både for studentar og fagtilsette. Det skal etablerast ei internt styringsgruppe med forankring både i leiing og fagpersonale, som skal arbeide med informasjonsformdilging og internmarknads-føring av aktivitetane. Alle avdelingar skal ha eigne ”kontaktpunkt” mot arbeidslivet i regionen (jf. strategiplanen for HSF). 3) Gjennom ”innovasjonssstrategien” legg vi opp til skiping av eit ”Regionalt utviklingsråd” og til å vidareføre vår deltaking i ei rekkje regionale prosjekt og areaner der vi alt er med, eller i ny tiltak som er under utvikling. Dette gjedl m.a. eit pros jekt om ”Samarbeid om internasjonalisering på Vestlandet” (SIV), ”Program for nyskaping og omstilling” og fleire andre.

Budsjettformål:

MOBI-Mobilisering

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet