Tilbake til søkeresultatene

SHP-Strategiske høgskoleprogram

Musikk og helse i det seinmoderne samfunnet: ressursorientert og samfunnsintegrert musikkterapi.

Tildelt: kr 5,1 mill.

Internasjonalt er musikkterapi som oftast etablert i kliniske settingar med eit problem- og individfokus, men sosiokulturelle endringar i seinmoderne samfunn har skapt ei aukande interesse for ressursorienterte og samfunnsintegrerte tilnærmingar. Fagmiljø et ved Høgskolen i Sogn og Fjordane har her praktiske prosjekterfaringar som går tilbake til 1980-talet, og er internasjonalt rekna som ein premissleverandør innan feltet. Men det er stort behov for meir forskingsbasert kunnskap og for integrasjon av empi ri og teori. Prosjektet er delt i fire delprosjekt: 1. Delprosjekt 1 fokuserer på kvalitativ utforsking av ressursorientert musikkterapi i psykiatri, med vekt på analyse og fortolking av casestudiar. 2. Delprosjekt 2 er ei komparativ kvalitativ utforsking av samfunnsintegrert musikkterapi, der resultat vil verte jamført med resultat frå tilsvarande delprosjekt gjennomført i Pretoria og London. 3. Delprosjekt 3 er ein metaanalyse av internasjonal forsking på effekten av mus ikkterapeutiske intervensjonar i psykiatri. 4. Ein slik metaanalyse er ikkje gjennomført av noko fagmiljø tidlegare, og vil ha eigenverdi i tillegg til å vere basis for Delprosjekt 4, som er ei effektundersøking av intervensjonar utvikla i delp rosjekt 1 og 2. Delprosjekta vil verte integrerte gjennom halvårlege forskingsseminar med deltakarar frå samarbeidande fagmiljø i Pretoria og London. Prosjektet er såleis lokalt forankra samstundes som det er utvikla gjennom eit internasjonalt nettverk.

Budsjettformål:

SHP-Strategiske høgskoleprogram

Finansieringskilder