Tilbake til søkeresultatene

SIP-Strategiske instituttprogram

E-handel og IKT-basert samarbeid. Videreføring fra prosj.nr. 150249/V10.

Tildelt: kr 2,8 mill.

Så langt har SIPen produsert resultat i tråd med planen, at vi har nådd måla som vart sett for dei tre fyrste åra av prosjektet, men det står att å vidareutvikle og fullføre planane for dei to siste åra. Utviklingstrekka i samfunnet rundt oss viser behove t for denne typen strategisk satsing. - Næringslivet i Sogn og Fjordane er i krise, med nedlegging og nedbemanning. Særleg hardt er kommunane Flora, Årdal og Høyanger råka. Mange store verksemder har eller er i ferd med å gjennomføre dramatiske kutt i tal tilsette. Mangel på oppdrag gjer det vanskeleg også for underleverandørar. - EU sitt 6. rammeprogram. Det har vist seg vanskelegare å delta EU sitt 6. rammeprogram enn det vi tidlegare har erfart. Nettverka me har frå tidlegare EU prosjekt er samansett a v mange små aktørar og sjølv nettverka har blitt for små i den nye konteksten. Det er behov for å arbeide vidare med å etablere nye relasjonar til større aktørar slik at ein på nytt kan delta i EU programmet. SIPen har vore ei viktig satsing for å nå fram til verksemder med heilheitleg kunnskap som både appellerer til næringslivet og som sikrar kunnskapsutvikling. Som eit resultat av dette arbeidet har me no eit tett samarbeid med LO, NHO og offentlege etatar med vinkling på næringsutvikling. Slik situasj onen er i dag har vi klart å sikre avleda prosjekt som er med på å bidra til det empiriske grunnlaget for faglige publisering. Vidareføring av SIPen vil gi oss då ein nødvendig overbygging der ein samlar empirien frå dei ulike næringsretta initiativa for å arbeide med bearbeiding, områdeutvikling og publisering. Vi vil halde fram med å involvere breitt i gruppa i forhold til områdeutvikling og formidling. Det er viktig at ein får innarbeidd akademisk publisering som integrert del i arbeidet med prosjekt. Vi vil særleg legge vekt på: - nettverksbygging - bearbeiding og områdeutvikling - formidling ------------------------------------------------------------------------------------------------------------------ Nytt prosjektsamandrag i samsvar med søknad 17 7632/V10: Kompetanseutvikling Kompetanseutvikling er ein kontinuerleg aktivitet som ikkje kan ignorerast av eit forskingsinstitutt som ønskjer å driva langsiktig kunnskapsproduksjon. Mange av prosjekta vi får har ikkje ressursar nok til at det tillet kom petanseutvikling utover den som følgjer gjennomføringa av dei. Ein SIP gjer at vi unngår forvitring av kunnskapsbasen til instituttet. Resultatet av slike program gjer oss til ein betre kunnskapsleverandør og relevant medspelar. Vi har gjennom SIP-satsing a eit etablert program for kompetanseutvikling. Dette vil vi vidareføra gjennom seminarverksemd med eigne og eksterne forelesarar, og i samarbeid med høgskulen i Sogn og Fjordane. Nettverksbygging Arbeidet med å etablere prosjektsamarbeid for 7. rammepro gram har starta. Vi ønskjer å halda fram arbeidet med å sikre deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid gjennom vidareføring av dagens SIP-satsing. Vi har identifisert to konkrete prosjektområde vi ønskjer å arbeida meir med, først og fremst gjennom e tablering av området kulturarv ser vi gode sjansar for ei vidareføring av pågåande aktivitetar til europeiske nett verk og mulege prosjekt i EU sitt nye rammeprogram. Her har vi starta samtalar med interessante partnarar og ein vidareført SIP vil gjera os s i stand til å følgja opp dette viktige arbeidet på ein god måte. Bearbeiding og formidling Vi har framleis mykje empiri som kan bearbeidast og som vil kunne danna grunnlag for artiklar i vitskapelege tidsskrift eller kunne presenterast på internasjonal e konferansar. Vidareføring av dagens SIP-satsing vil omfatte vidare fagleg publisering.

Budsjettformål:

SIP-Strategiske instituttprogram

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet