Sogn og Fjordane fylkeskommune skal gjennom Breibandforum S&Fj samordne utvikling av breibandløysingar for skuleverket i fylket. Skulenett fase 1 vart gjennomført i 2003 med måloppnåing for alle aktivitetar og betydeleg utbygging og samordning i heile fyl ket. Aktivitetane i Fase 2 er forankra både i politiske prosessar og handlingsplanar i fylkeskommunen og alle regionråda. Alle kommunane i fylket er no dekka av avtalar inngått etter offentlege anbud som sikrar kostnadskontroll og skalerbar utvikling. Et ter denne fasen er 100% av vidaregåande skular og 56,4% av grunnskulane i S&Fj tilknytt breiband. Høgskulen i S&Fj sikrar god samordning med Nasjonalt Læringsnett og Uninett. Aktivitetane i Fase 2:
Utvikling og etablering av undervisningsinnhald mellom dei 4 vidaregåande skulane i Nordfjord
Utvikling og etablering av undervisningsinnhald frå 3 vidaregåande skular i Ytre Sogn og Sunnfjord
Etablering av infrastruktur hjå ein vidaregåande skular i Førde
Etablering av infrastruktur hjå to vidaregåande skul ar i Midtre- og Indre Sogn
Etablere breibandinfrastruktur til 9 nye grunnskular i Nordfjord
Utbygging av breibandinfrastruktur til 7 nye grunnskular i Ytre Sogn og Sunnfjord
Utbygging av breibandinfrastruktur til eit 9 nye grunnskular i Sogn
Vidareutvikle og sikre brei involvering av skular i felles breibandkrevjande innhaldsteneste bygd på digitale karttenester og multimedia type data
Vidareføre og vidareutvikle felles overbyggande prosjektstøttefunksjonar med prosjektleiing, utviklingsforum, brei resul tatformidling, evaluering og ekstern prosjektrevisjon.