Tilbake til søkeresultatene

MOBI-Mobilisering

Utvikling og internasjonalisering Forskingsbasert kompetanseformidling - Sogn og Fjordane - Videreføring av 166376 og 168589

Tildelt: kr 0,75 mill.

Sogn og Fjordane har tradisjonelt vore trygt plassert i toppen av alle positive statistikkar. Fylket har hatt liten arbeidsløyse, høg eksport frå næringslivet og lite sosiale og samfunnsmessige problem. Dette er no i endring, og Sogn og Fjordane viser seg som eit sårbart fylke. Næringslivet er i stor grad råvarebasert og dei tradisjonelle næringane går attende. Sogn og Fjordane fylkeskommune er pådrivar for å etablere regionale samarbeidskoalisjonar for omstilling og innovasjon i næringslivet. Vi ønskje r at satsinga på forskingsbasert kompetansemekling blir knytt til etablerte samarbeidet. Vi ser det som særs viktig at næringslivet i regionen ikkje får for mange ulike satsingar og aktørar å forhalde seg til, vi legg difor vekt på å få eit godt samordna og effektivt system der den forskingsbaserte kompetanseformeglinga er ein naturleg og logisk del av ei heilheitleg regional næringssatsing. Forum for regionapolitiske aktørar som består av Sogn og Fjordane fylkeskommune, Innovasjon Norge regionkontor S& Fj, Høgskulen i S&Fj og Vestlandsforsking treffes kvar månad for informasjon og diskusjon av aktuelle problemstillingar, arbeidet i dette forumet er nært knytt til oppfølging av fylkesplanen. Arbeidet er organisert i fire arbeidspakke som dekker direkt e bedriftsretta aktivitetar i form av bedriftsbesøk og mobilisering samt etablering av prosjekt i bedriftene, og interne aktivitetar i den regionale koalisjonen med prosjektleiing og strategisk regional koordinering og programutvikling.

Budsjettformål:

MOBI-Mobilisering

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet