Tilbake til søkeresultatene

HOYKOM-Høyhastighetskommunikasjon

Sophusportalen - Fornying og kunnskapsformidling for skulane og barnehagane i Nordfjordkommunane

Tildelt: kr 0,64 mill.

Dei sju Nordfjordkommunane Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy har gjennom fleire år hatt eit fruktbart og godt samarbeid innanfor IKT. I samband med Høykom-satsinga har Nordfjordkommunane tidlegare gjennomført tre større prosjekt, som alle er sett i drift og vert utvikla vidare. Nordfjordkommunane har siste 2 åra gjennomført kvalitetssikrings-prosjekt for både skule- og barnehagedrift. Som følgje av dette prosjektet er det to område som skal prioriterast vidare: - Innføring av f elles fagsystem og samordning av administrative rutinar som basis for utvikling av samarbeid og kompetanseutveksling mellom kommunane, og mellom einingane - Ein felles regional portal for tilrettelegging av informasjonsstoff og kunnskapsformidling, som ha r nytteverdi for både administrasjon, lærarar og elevar. Dagens status er at tre kommunar manglar fagsystem for begge sektorane, dei andre har ei blanding av fagsystem. Ved å samordne innkjøp, opplæring og implementering av systema er dei samla innspari ngane rekna til ca. 1,3 mill kr på innkjøp, og ca. 250.000 kr i årleg innsparing knytt til programvaren. I tillegg kjem sparte administrasjonskostnader som i første fase er rekna til om lag 400.000 kr. Det samla gevinstpotenisale vert då 1,3 mill på fell es innkøp og 650.000 på drift og vedlikehald, som kan nyttast til heving av kvalitet på tenestene. Tilrettelegging av informasjonsstoff og kjelder er ei stor oppgåve som få skular har høve til å kunne gjere kvar for seg. Nordfjordkommunane vil, i tråd me d Kunnskapsløftet, samarbeide om å legge til rette for ein regional kunnskapsportal som har forankring i lokale læreplanar med lokal identitet og oppbygging. Portalen skal gje oversikt på eit rikt utval av lære- og informasjonsstoff, som vert ordna i ein lett søkbar databaseform. Portalen vil bygge på same tekniske løysning som alle kommunane tok i bruk i 2005 på heimesidene, og den kan nyttast som reiskap for heimesider til kvar enkelt skule.

Budsjettformål:

HOYKOM-Høyhastighetskommunikasjon

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet