Tilbake til søkeresultatene

SHP-Strategiske høgskoleprogram

Lokal velferdsleiing i system under press

Tildelt: kr 6,1 mill.

Dette er eit strategisk utviklingsprosjekt for eit fou-miljø på helse- og sosialleiing ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF). HSF har i ei årrekkje drive ei vidareutdanning i helse- og sosialadministrasjon, og frå 2004 har høgskulen etablert eit mastergr adsstudium i organisasjon og leiing med helse- og sosialadministrasjon som ei valretning. Dette er HSF sitt einaste sjølvstendige masterstudium, og fagleg kompetanseheving ved studiet står sentralt i HSF sine strategiar. Bakgrunnen for prosjektet er store nasjonale styringsutfordringar innan helse- og sosialsektoren. Desse utfordringane gjer at det lokale leiarnivået i sektoren blir stilt overfor store krav og sprikande mål med omsyn til både omstilling og utvikling, samordning og prioritering, kostnadsef fektivitet og kvalitet. Eit sentralt mål i prosjektet er å setje søkelyset på vilkåra for og mulighetane for lokal leiing i helse- og sosialsektoren. Eit forskingsspørsmål er korleis aukande systemkompleksitet og nye styringsformer påverkar vilkåra og han dlingsrommet for leiarar i sektoren. Eit anna spørsmål er kva slags kompetanse, organisering og leiing som trengst dersom ein skal skape primærorganisasjonar som er utviklingsorienterte og læringsdyktige, og samstundes i stand til å handle innanfor tronge kostnadsrammer. Empirisk vil vi studere leiing og organisering på foretaks- og institusjonsnivå i helsesektoren og leiing av velferdstenestene på kommunenivået gjennom fire ulike delprosjekt. Eit delprosjekt handlar om lærande leiarskap, eit om organiser ing av kliniske mikrosystem, eit om leiing og mikrosystem i kommunale omsorgstenester, og det siste om leiing i ei reformert velferdsforvaltning. Eit femte delprosjekt tek seg av prosjektleiing og kompetanseoverføring til HSF sin organisasjon.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

SHP-Strategiske høgskoleprogram

Finansieringskilder