Tilbake til søkeresultatene

HOYKOM-Høyhastighetskommunikasjon

Breibandløftet Sogn og Fjordane fase 2. Breibandutbygging til 26 bygdelag i 15 kommunar i Sogn og Fjordane

Tildelt: kr 2,4 mill.

Sogn og Fjordane er i gang med eit krafttak (Breibandløftet Sogn og Fjordane) for å sikre utbygging av transportnettet til dei bygdene som har eigen telesentral og å gje innbyggjarane her tilgang til xDSL. Når denne utbygginga er ferdig vil det vere att 5 telesentralar i fylket som ikkje har utbygd DSLAM. Etter at desse utbyggingane er ferdig vil fylket ha 92,1 % breibanddekning og berre ein av dei offentlege skulane i fylket vil mangle breibanddekning. Det prosjektet som det her vert søkt midlar til er fase 2 i dette krafttaket. Vi søker om å få bygge ut breiband til 26 nye bygder i fylket. Dersom prosjektet vert realisert vil 2 nye telesentralar vert bygd ut og den siste offentlege skulen i fylket, Vestre Hyen skule på Solheim i Gloppen, får tilgang ti l breiband. Resultatet av dette prosjektet vert at 93,5 % av innbyggjarane i Sogn og Fjordane får tilgang til breiband. Dette prosjektet skal syte for at fleire av innbyggjarane i fylket får høve til å ta breibandtenestene i bruk. Nye grendalag skal få t ilgang til breiband gjennom at kommunane yter anleggstilskot til utbyggarar. I tidlegare prosjekt har Sogn og Fjordane prioritert utbygging av breiband til og modernisering av telesentralar. Dette prosjektet vil i hovudsak gje breiband til bygdelag som i dag ikkje har eigen telesentral og som ligg for langt unna sentralen til å kunne bli forsynt derifrå. Vi har valgt ut bygdelaga i fylket med meir enn 20 telefonabonnentar eller der det er næringsliv som ønskjer slik utbygging. Ulik teknologi vil bli brukt . Den konkrete val av løysing i kvar bygd vert gjort etter offentleg anbod. Budsjettala som er brukt er innhenta frå ulike leverandørar som leverer ulik teknologi som til dømes utskoten DSLAM, radiosamband og fiberløysing. Hovudmål for prosjektet er å f oreta infrastrukturbygging til 26 bygdelag i 15 kommunar i fylket som ikkje får kommersiell utbygging.

Budsjettformål:

HOYKOM-Høyhastighetskommunikasjon