Tilbake til søkeresultatene

HOYKOM-Høyhastighetskommunikasjon

Breibandløftet Sogn og Fjordane fase 3 - lukking av breibandgapet.

Tildelt: kr 6,4 mill.

Prosjektet skal syte for at 90% av innbyggjarane i fylket som ligg langt frå telesentralar får høve til å ta breibandtenestene i bruk. Sogn og Fjordane er eit fylke med særleg store utfordringar knytt til å gjere breiband tilgjengeleg til alle. Undersøk inga til Teleplan frå juli 2007 viser at at Sogn og Fjordane har lavare dekningsgrad enn landsgjennomsnittet. Tala frå Teleplan for vårt fylke er unøyaktige. Breibandforum Sogn og Fjordane har fått utarbeidd ein detaljoversikt over alle abonnentar som ik kje kan få breiband grunna lang linjelengde. Så langt som breibandforum har oversikt over i dag, er det om lag 150 stader i Sogn og Fjordane som ikkje har tilgang til breiband i dag grunna lang avstand til telesentral. Dette utgjer om lag 1450 husstandar og av desse vil 1100 husstandar få dekning gjennom prosjektet. Ytterlegare 200 vil få dekning gjennom KRD-midlar tildelt Sogn og Fjordane fylkeskommune over RNB-07. I tillegg er det mange (ca 1000) som ikkje kan få breiband grunna uheldige koplingar i k oparnettet hjå Telenor. Desse siste er ikkje støtteberettiga for midlar frå Høykom, men for Sogn og Fjordane fylkeskommune og kommunane er det viktig å få ei oversikt over desse for å kunne gå i dialog med Telenor om utbetringar for å sikre reell 100% bre ibanddekning. Desse stadane skal få tilgang til breiband gjennom at kommunane yter anleggstilskot til utbyggarar. Ulik teknologi vil bli brukt. Den konkrete val av løysing på kvar stad vert gjort etter offentleg anbod. Budsjettala som er brukt er innhent a frå ulike leverandørar som leverer ulik teknologi som til dømes utskoten DSLAM, radiosamband og fiberløysingar.

Budsjettformål:

HOYKOM-Høyhastighetskommunikasjon