Tilbake til søkeresultatene

PRAKUT-Praksisrettet utdanningsforskn

Digitale objekts plass i barns sosiale og språklige danning i barnehagen

Tildelt: kr 5,6 mill.

Det er stor interesse for å ta i bruk digitale verktøy i barnehagen, og IKT er formelt i introdusert overfor barnehagen blant anna gjennom ulike formuleringar i Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver. Dette tross det faktum at det finns lite nors k forsking på området. Slik vi ser det er det er difor viktig å skaffa fram systematisk kunnskap om korleis digitale verktøy grip inn i barnehagen si verksemd, både når det gjeld barns språklege praksis, leikaktivitet og læring elles. Internasjonal fors king tyder på at dataspela har fått ein sentral plass i barnehagane, utan at dei vaksne nødvendigvis er veldig aktive i samhandling knytt til datamaskinen (Ljung-Djärf, 2002, 2004). Det vil difor vere viktig å få innsyn i korleis barn forstår og tolkar sp el, korleis dei tileignar seg ein multimodal kompetanse i møte med eit medium og ein ny teksttype innanfor barnekulturen der ulike semiotiske system spelar saman, og korleis dei eventuelt oppfattar kunnskap når denne er forankra i spel-konteksten. Vi u ndrar oss i samband med dette over kven som tek initiativ til kommunikasjonen omkring digital teknologi, og kven som definerer dialogen og språket. Kva er innhaldet i interaksjonen omkring digital teknologi og korleis føregår leiken og aktivitetane? Kva s lags leik førekjem, og kva slags spel blir brukt? I kva grad bidreg teknologien til inkludering, eventuelt til ekskludering? Korleis arbeider barnehagepersonalet i det heile tatt med barns språklege utvikling? Med dette som hovudspørsmål vil vi dele unde rsøkelsen inn i to tematiske hovudområde: Tema 1: Digitale spel, språk og samhandling. I denne samanhengen er det interessant og aktuelt å undersøkja korleis IKT-objekt som digitale spel vert brukt i barnehagen. Tema 2: Roller og inklusjon i barn- barn og barn-vaksen samspel der digital multimedial teknologi inngår i samspelet. Her ønskjer vi å utvikla nyansert kunnskap om alle barns utbytte av digital teknologi i dagens norske barnehagar

Budsjettformål:

PRAKUT-Praksisrettet utdanningsforskn

Finansieringskilder