Tilbake til søkeresultatene

MAT-SLF-Matprogr.:Prosj.fullfin.av SLF

Control of rush (Juncus spp)- an expanding weed in grassland and pasture area in Western Norway

Tildelt: kr 4,5 mill.

Livssyklusstudium Målet med forsøket var å klarlegge livssyklus hos siv frå frøplantestadiet i tre etterfølgjande år. Effekt av kutting på vekst og utvikling hos dei to artane vart også studert. Studiet skulle også gje kunnskap om når artane lagrar karbohydratreservane sine. Dette er viktige eigenskapar for å kartlegge svake stadium i livssyklusen. Når mengde opplagsnæring er på eit minimum, er ugraset svakt for tiltak og konkurranse. Resultata viser at artane blomstrar om lag til same tid, med start medio juni. Opning av frøkapslane startar medio august. Blomstring og blomsterdanning er altså spreidd over ein lengre periode. Registrering av vekstrytmar, plantebiomasse og allokering av karbohydrat vart gjennomført. Resultata viser at det viktigaste karbohydratet både hos lyssiv og knappsiv er sukrose og i mindre grad glukose, fruktose og stivelse. Den maksimale konsentrasjonen av sukrose vart observert på våren og om hausten med minimum midt på sommaren. Gjenvekstforsøk Målet var å studere gjenvekstevna etter kutting hos lyssiv og knappsiv. I forsøka vart begge sivartane kutta til ulike tidspunkt gjennom vekstsesongen, og gjenveksten vart registrert 6 veker etter kutting. Resultata viser at gjenvekstevna er sterkt påverka av kuttetidspunkt med mest gjenvekst om våren og ein tydeleg nedgang frå midten av juli til august med ein auke igjen mot hausten (oktober). Resultata frå desse forsøka fell godt saman med resultata frå studiet av opplagsnæring som er referert ovanfor. Frosttoleranse hos sivartane I studiet av effekt av frost på skotdanning og overleving vart hypotesen "har mildare vintrar utan frostperiodar auka sivet si evne til vekst og utvikling" testa. Resultata viser at begge sivartane har god frosttoleranse på vinteren (februar), og artane har høg gjenvekstevne gjennom vinteren. Ved mildare vintrar og forlenga vekstsesong kan sivartane slik få eit konkurransefortrinn samanlikna med gras og kløver. I periodane med aktiv vekst, til dømes tidleg vår, syner undersøkingane at frost vil kunne gje ein reduksjon i gjenveksten hos sivartane. Gjenvekst hos knappsiv og lyssiv etter frosteksponering, viste at begge artene får redusert gjenvekst sjølv ved moderat påverknad av frost. Knappsiv avsluttar veksten tidlegare på hausten enn lyssiv, og lyssivet blir dermed meir sårbart for dårlege vintertilhøve. Konklusjonen så langt er at lyssiv profitterer på milde vintrar fordi dei har så mykje større vekst enn knappsiv gjennom sesongen og dermed er større med fleire stenglar og meir karbohydrat enn knappsiv. Dette kan vera årsak til at lyssiv er mest aggressiv og utbreidd av dei to. Resultata etter desse testane tyder på at sivartane ikkje er spesielt frostherdige tidleg på våren, og at dei siste 10-åra med få frostperiodar på Vestlandskysten delvis kan forklara framveksten av desse artane. Tiltak mot siv Mekanisk tiltak ved kutting med ryddesag Undersøkinga omfatta effekt av kuttehøgde og kuttetidspunkt på to beiteareal. Kutting på våren har hatt liten effekt på sivet, kutting midtsommars (midten av juni) eller haust (midten av oktober) har derimot virka godt. Forsøket er gjennomført med to «stubbehøgder» der det er vist at lav kutting, ned i rot/rhizomdel, har tynt sivet tydeleg betre enn kutting over bakkenivå. Resultata frå forsøka stemmer godt overeins med resultat frå gjenvekstforsøket og studiet av den sesongmessige variasjonen i karbohydratkonsentrasjonen. Desse resultata viser at siv har tydelege svake periodar i livsyklusen, og at sivartane er så sårbare i denne perioden at det truleg kan brukast i praktiske mottiltak. Kjemiske tiltak Herbicidforsøka viser at dei gamle midla, MCPA og MCPP, har klart betre verknad mot sivet enn sulfonylurea-herbicida og det nye aminopyralid. Reetablering av siv frå frø i attlegg. Det er viktig å få kunnskap om korleis og når sivet etablerer seg i eit attlegg, og korleis vi med gjødslingsintensitet, såmetode og frøblandingar kan hindre eller seinke etablering av sivet. Resultat frå det langvarige forsøket i Nordhordland på eit areal med ein jamn sivbestand før fornying: Gjødslingsnivå: færre sivplanter ved 23 kg N enn ved 13 kg N per dekar. Frøblandingar: færre sivplanter med normal frøblanding (utan 20% raigras) enn når raigras var blanda i. Årsaka til dette var nok at raigraset døde ut og konkurranseevna dermed vart redusert. Såmetode: mindre siv ved kryss-såing enn ved såing i ein retning. Karakterisering av område med auka vekst av siv I utbreiingsstudiet blei område/areal med auka siv-vekst karakterisert i 2013. Modellforsøk for å studere konkurransekraft og effekt av vekst ved ulike jordtypar og tilgang på vatn blei avslutta på nyåret i 2014. Hypotesen er at den auka nedbøren dei siste åra fremjar siv-veksten og har gjort dette ugraset meir konkurransekraftig overfor kulturgraset. Resultata frå andre gjentak stadfestar at sivet veks mykje betre enn beitegraset under våte tilhøve.

Summary Soft rush (Jûncus effûsus L.) and compact rush (Jûncus conglomerâtus L.) have had an increasing success in the coastal parts of Western Norway, not only seen in low input leys but during the recent years also in intensively managed leys and pastur es. The rush growth seriously reduces the forage quality and is such hampering the meat and milk production both in conventional and organic agriculture. "Control of rush (Juncus spp.) - an expanding weed in grassland and pasture area in Western Norwa y" is a four year research project aiming to investigate the biology of soft rush (Jûncus effûsus L.) and compact rush (Jûncus conglomerâtus L.) to find targeted means, both organic and conventional, to control an increasing rush growth and such ensure a stable production of high quality fodder. This will contribute to leys and pastures of satisfactory quality in organic and conventional meat and dairy production in Western Norway as well as to maintain the agricultural landscape. This will be done by 1) identify ecological conditions for rush growth, 2) implement means for control of rush in conventional and organic agriculture and 3) perform biological study for optimal chemical treatment. The Norwegian agriculture will benefit from knowledge aquired in the project, both biology and growth conditions of rush as well as effects of climatic parameters. Measures of soil tillage and competitive ley seed mixtures will be available as well as appropriate herbicides. The project will be coordinated and lead by Dr. Jan Netland, Bioforsk Plant Health and Plant protection in collaboration with Bioforsk Vest Fureneset, The regional agricultural authority (FMLA), The Norwegian Agricultural Extention Services (LFR) and Norwegian sheep and goat (Norsk Sau- og Geit, NSG), all in the counties of Hordaland, Sogn og Fjordane and Møre og Romsdal.

Budsjettformål:

MAT-SLF-Matprogr.:Prosj.fullfin.av SLF

Finansieringskilder