Tilbake til søkeresultatene

PUBL-Publisering/prosjektinform

Lokal og regional styring : eit institusjonelt perspektiv av Oddbjørn Bukve

Tildelt: kr 40 000

Boka presenterer ein systematisk analyse av styring i og av kommunar og fylkeskommunar med utgangspunkt i oppdatert institusjonell teori. Den integrerer aktuell forsking på området i ei heilskapleg ramme for forståing og kunnskapsutvikling. Kommunar og fy lkeskommunar blir analyserte som utøvarar og aktørar i det nasjonale styringssystemet, som organ for lokalt demokrati og politisk styring, som tenesteprodusentar og samfunnsutviklarar. Forfattaren syner korleis institusjonaliseringa av desse oppgåvene og spenningane mellom dei pregar innhaldet i styringa, men også skaper variasjonar, konfliktar og endring. Det er fleire som har teke til orde for å utvikle meir integrerte teoriar om institusjonar. Men desse har så langt ikkje gjort seg gjeldande innanfor hovudstraumen av litteratur om politikk og styring. Denne boka tilbyr eit integrert perspektiv som er basert på ei kritisk drøfting av rådande teoriar om institusjonar, samtidig som den bruker perspektivet i konkrete analysar av lokal og regional politik kutforming og styring. Det siste vil vere ein sekundæranalyse, noko som inneber bruk av og omfortolking av eksisterande forskingskunnskap. Dermed vil boka også gje eit oversyn over det lokale og regionale styringsfeltet og kva vi veit om det.

Budsjettformål:

PUBL-Publisering/prosjektinform