Tilbake til søkeresultatene

FINNUT-Forskning og innovasjon i utdanningssektoren

Learning in the 21st Century: Capitalizing on students' strengths - compensating for desired capabilities

Tildelt: kr 10,8 mill.

?Learning in the 21st century? fokuserer på korleis skulen skal handtera dei digitale røynslene til unge menneske på ein måte som styrkjer motivasjon og prestasjonar. Ettersom den digitale eksponeringa kan vera både negativ og positiv, valde me å tilnærma oss oppgåva ved å sjå på måtar skulen kan kapitalisera på det positive, og kompensera for det negative. Dette krev at me klargjer kva me meiner med «skule», fordi det er berre på dét grunnlaget me kan skilja mellom godt og dårleg. Me tek utgangpunkt i ei forståing av skulen i det 21.hundreåret som avgjerande viktig for elevane si kvalifisering, sosialisering og subjektifisering. Ideen om å sjå på måtar for skulen å kapitalisera og kompensera får ulik form i ulike kontekstar. Når me ser på dei konative (ikkje-kognitive) utslaga av digital eksponering, viser funna våre at rundt 30% av dei nordiske elevane opplever ein konflikt mellom dei akademiske ambisjonane sine og deira digitale aktivitetar og vanar. Vidare viser analysane våre at det er ein sterk negativ assosiasjon mellom denne kjensla av konflikt og evna til å utsetje andre freistingar og konsentrera seg om skulearbeidet. Me arbeider for tida med å designa ein intervensjon som me vonar kan styrkje elevane sine meta-konative evner og dermed deira akademiske handlingar for å forsøka å koma konflikt-problemet til livs. I skulefaglege kontekstar får kapitalisering/kompenseringstanken mange ulike uttrykk. I norskfaget er det m.a. viktig å utvikla elevane sine evner til å skriva argumenterande tekstar. Elevane utviklar denne kompetansen ikkje berre på skulen, men i stadig større grad ved å delta i diskusjonar i sosiale mediar. På dette grunnlaget samanliknar og vurderer me tekstar skrivne på og utanføre skulen som eit utgangspunkt for ein intervensjon som tek sikte på å styrkja elevane sin argumenterande tekstproduksjon, særleg med auge for legitim deltaking i diskusjonar i sosiale media. I engelskfaget undersøker me individuelle studentar sine såkalla læringsstiar (learning trajectories) i lys av kor viktig elevane sjølve meinte at møter med det engelske språket var for deira språklæring. Det å forstå kor viktig elevane sjølve meiner at nokre av dei digitale møteplassane var for språklæringa si, kan hjelpa lærarar til å utvikle meir heilskaplege pedagogiske tilnærmingar som tek omsyn til elevane sine aktivitetar også utanføre skulen.

PRAKUT area 4: Given the complex relationship between educational cultures and the net-culture, and based on the assumptions that (a) school has to take into serious consideration the net-culture of the youth, and (b) that the school needs to retain its m ain educational purposes of developing disciplinary knowledge and skills, socializing and person-building, the main purpose of the project is to develop and test theoretically-grounded and applicable approaches of bridging between the two cultures. Hence, both measures which intend to capitalize on students digital skills and knowledge, and compensatory measures are addressed. Consequently, the project attempts to answer the following main questions: 1. In what ways are the net- and the school-culture d ifferent, as experienced and viewed by the net generation itself, and the teachers? 2. What are some exemplary cases of bridging between the two cultures? 3. What novel educational goals can be achieved by net-related activities when incorporated into the school, and how can out-of-school learning be successfully framed by educational purposes? 4. In what ways can social media expand the reach of educational learning, particularly in relation to changes in social views and norms, changes in stands on soci al issues, and changes in attitudes towards democracy and tolerance? 5. How can principles and guidelines based on the findings to research questions 1-4 be actually and successfully applied to whole schools and individual classrooms in the service of the enhancement of educational learning? These questions are to be answered by means of 4 studies tailored to these 5 questions. The significance of the project is by its conceptualization of what constitutes bridging between the 2 cultures without the sch ool compromising its main mission. The significance of the project is enhanced by the series of proposed studies and by the empirical testing of the successful applicability of the formulated models.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

FINNUT-Forskning og innovasjon i utdanningssektoren

Finansieringskilder