Tilbake til søkeresultatene

PUBL-Publisering/prosjektinform

Religion und Welt: Martin Dibelius (1883-1947)

Tildelt: kr 0,17 mill.

Prosjektnummer:

229184

Prosjektperiode:

2013 - 2013

Midlene er mottatt fra:

Samarbeidsland:

Martin Dibelius var ein av dei aller fremste og internasjonalt mest kjende tyske nytestamente-forskarane i det førre hundreåret. Rett nok har interessa for Dibelius i forskinga teke seg betydeleg opp dei siste tiåra. Men han har likevel, underleg nok, ikk je vore tema for noko omfattande forskingshistorisk arbeid. Her fyller min breitt anlagde forskingshistoriske biografi eit tomrom. Vurderingskomiteen seier i si innstilling at avhandlinga mi vil verta ståande som eit standardverk i Dibeliusforskinga i lan g tid framover. Avhandlinga vil òg kunna yta eit bidrag til aktuell gransking av Det nye testamentet og den fyrste kristendommen, gjennom si framstilling og drøfting av Dibelius' forsking. Då eg har lagt vinn på å plassera forskingsarbeidet hans i ein vid ast mogeleg kontekst (teologi-, kyrkje-, idé-, vitskaps-, kultur- og samfunnshistorisk), meiner eg utgjevinga er viktig ut frå fleire omsyn: Ho dokumenterer grundig korleis forsking står i vekselverknad med skiftande historiske tilhøve og ideologiske inte resser. Også innanfor kvar av dei nemnde historiske felta bør arbeidet mitt kunna fengja interesse. Og til sist indikerer hovudtittelen («Religion und Welt») dels at Dibelius' arbeid og verksemd var orientert ut frå eit bestemt teologisk, religiøst og kul turstragetisk ærend, dels at eg som forskar gjennom min analyse og mine vurderingar er ute etter å lyfta fram eit spørsmålsfelt som etter mi meining lenge har vore forsømt i teologien. Den historiske, fenomenologiske og teologiske interessa for religionen sin relasjon til kulturen korresponderer elles med nyaktualiseringa av spørsmålet om religionens plass i det offentlege rommet både her til lands og internasjonalt. Sidan avhandlinga er skriven på tysk, vil ho i fyrste omgang vera tilgjengeleg for eit ik kje reint lite tyskspråkleg fagpublikum. Men ho vil truleg òg verta lagd merke til av kompetente engelskspråklege forskarar og av granskarar frå andre språksamfunn.

Budsjettformål:

PUBL-Publisering/prosjektinform

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet