Tilbake til søkeresultatene

BIONÆR-Bionæringsprogram

Optimizing grazing in dairy herds with automatic milking systems

Alternativ tittel: Optimalisering av beiting i melkekubesetninger med automatisk melking

Tildelt: kr 3,0 mill.

Bakgrunnen for prosjektet er dei store endringane i mjølkeproduksjonen gjennom dei siste åra. Dette er eit resultat av teknologiske endringar og endringar i regelverk som styrer norsk mjølkeproduksjon. Dei viktigaste trekka i denne utviklinga er innføring av automatisk mjølking (AMS), aukande storleik på buskapane, krav om lausdrift for alle kyr frå 2034 og krav om beite frå 2014. Beiting, og spesielt beiting i kombinasjon med AMS, kan gje ein del utfordringar. Det er ein klar trend i nedgang av beitebruk i land med mindre streng dyrevelferdslovgiving, og då særs ved bruk som har installert AMS. Det er eit akutt behov for å finne gode løysningar for å optimalisere bruk av beite i AMS-besetningar. GRAZELAND-prosjektet har granska nokre av dei etablerte oppfatningar om beite og AMS, og testa ut ulike styringsverktøy med tanke på å omgå utfordringane av størst økonomisk viktigheit. Det inngår tre kontrollerte forsøk innan ramane til prosjektet, alle gjennomført ved forsøksfjøset til det Svenske Landbruksuniversitetet i Uppsala. Dei første to av disse tre vart gjennomført sumaren 2015, der eitt av studia var eit metodestudium utført innom ramane til hovudforsøket. Det tredje forsøket gjekk sumaren og hausten 2016. Gjennom å samanhalde kyr på produksjonsbeite med kyr på mosjonsbeite vert effekten av å dele døgnet inn i periodar med og utan tilgang til beite undersøkt. Effekt vert målt på basis av mjølkeyting, tal mjølkingar per dag, fôropptak og beiteutnytting. Data generert frå hovudforsøket 2015 og frå 2016-studiet er no ferdigbehandla og publisert i vitskapeleg journal (Livestock Science, Journal of Dairy Science). I tillegg har mellombelse resultat vore presentert ved ulike nasjonale og internasjonale konferansar, i fleire populærvitskaplege framstillingar og massemedieoppslag. Dei viktigaste funna frå dei to studia er at me kunne ikkje påvise nokon skilnad i avkastning hos kyr med tilgang til produksjonsbeite jamført med mosjonsbeite. Derimot tilbakte kyr med tilgang til produksjonsbeite lengre tid utandørs enn kyr med tilgang til mosjonsbeite, også for andre aktivitetar enn å beite. I situasjonar der tilgang til beite må verte avgrensa av nokon grunn, ser det ut for at produksjonsbeite morgon og kveld er det mest attraktive alternativet av dei oppdelingane av døgnet og beiteløysingane me har prøvd ut. I metodestudien nytta me det faktum at me hadde data frå to dyregrupper der totalt fôrinntak var kjent i ein, og der innandørs fôrinntak var kjent og beiteinntak var ukjent i den andre. Dette vart nytta for å leite etter eit enkelt og rimeleg verktøy for å måle fôropptak på beite i sanntid, for bruk ved kommersielle garder og/eller i forsøksoppsett med trongare økonomiske ramar eller mindre tilgjengeleg sensorteknologi enn kva ofte er tilfellet ved Europeiske forsøksstasjonar. Analyser av data frå metodeforsøket venter på publisering i vitskapleg journal, og mellombelse resultat har vore presentert ved ulike nasjonale og internasjonale konferansar. Det viktigaste funnet er at urinprøver kan vera eit budsjettvenleg alternativ for inntaksestimering i fôringsforsøk. Drikkevatn-registrering som ein rimeleg sanntidsestimering av fôrinntak kan tenkast å ha ein framtidig nytteverdi på besetningsnivå, men trenger ytterlegare arbeid og validering. Feltstudiet baserer seg på ei spørjeundersøking sendt alle norske mjølkekubesetningar. Ho vart utvikla saman med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar. Ein større workshop med inviterte deltakarar frå næringa, interesseorganisasjonar, forskingsmiljø og rådgivarar bidrog også. Spørjeundersøkinga kartla mjølkingssystem, beitebruk, kuflyt, arbeidsinnsats, med vidare, og utfylte svarskjema vart kombinert med produksjonsdata frå besetninga til den enkelte respondent. Respons på beiteslepp med tanke på produksjon og helse vart estimert på besetnings- og individnivå. Trenden i respons hos AMS gardar vart samanlikna med den hos ikkje-AMS gardar. Dei viktigaste funna så langt frå feltstudien er at me ikkje finn bevis for ein årsaksamanheng mellom korkje mjølkingssystem og respons på beiteslepp eller beiteløysing og respons på beiteslepp, då variasjonen er større innan gruppene enn mellom. Det er truleg skilnad i andre forutsetningar, og ein sum av disse, som styrer i kva grad ein besetning opplever beite som utfordrande eller ikkje. Ein eigen rapport om økonomien i beiting er publisert som ein del av prosjektet. Dette er basert på både norske og svenske føresetnader. Det viktigaste funnet i denne rapporten er at endring i mjølkeleveranse er den enkeltfaktoren som styrer om beite er lønsamt i ein besetning eller ikkje, men avkastninga må gå betydeleg ned per ku og dag for at dette skal ha ein negativ effekt på lønsemd. Data frå prosjektet har resultert i fleire studentarbeid ? to svenske på master, tre norske på bachelor, og to utbyttestudentar frå høvesvis Nederland og Frankrike.

Prosjektet har vist at det er mulig å opprettholde melkeytelsen i et produksjonsopplegg som kombinerer automatisk melking og beiting. Dette er en viktig kunnskap i og med at mange synes å ha en oppfatning av at dette ikke lar seg gjøre. Beiting representerer økt dyrevelferd i form av mosjon og naturlig atferd, og på den måten kan resultatene fra prosjektet potensielt ha betydning for dyrevelferden. Videre er beiting viktig i kulturlandskapet og sannsynligvis også i klimasammenheng. Metodikken som er utviklet vil kunne ha en verdi også for videre forskning. Prosjektsamarbeidet mellom Norge og Sverige har vært fruktbart, og med samarbeidet i dette prosjektet som basis, har Nord universitet og Sveriges Lantbruksuniversitet (SLU) inngått en gjensidig avtale om studentutveksling. Prosjektet har også banet vei for videre samarbeid mellom institusjonene, og for Nord universitet har det vært en døråpner for et internasjonalt fagmiljø som forsker på spørsmål relatert til beiting.

The proposed project is motivated by the major changes in milk production in recent years. This is a result of technological changes and changes in regulations governing the Norwegian dairy production. The main features of this development is the introduc tion of automatic milking, increasing herd sizes, requirements for loose housing for all cows from 2024 and demand for pasture in 2014. Grazing in combination with automatic milking systems (AMS) provides some challenges that this project will focus on th rough two work packages which should be performed a controlled study and a field study. The controlled study planned to take place at the Swedish University of Agricultural Sciences (SLU) in Uppsala. We will, through a 6-week long trials seek to find ans wers to how different number of hours per day with access to pasture, different animal density and allocation times for supplemental impacts milk performance, number of milking per day, forage uptake and utilization of pasture. The field study is based o n the collection of production data from the Norwegian AMS barns combined with a survey of grazing practices, cow flow, working time consumption and more. Production data is downloaded directly from the milking robots. Data obtained from these two work pa ckages will be systematized, processed and analyzed. Publication of the findings will be in the form of peer reviewed papers in international scientific journals combined with popular scientific articles and contributions at national and international c onferences and professional meetings.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

BIONÆR-Bionæringsprogram