Tilbake til søkeresultatene

LATIN-AM-Latin-Amerika-programmet

Beyond Words: Implementing Latin American Truth Commission Recommendations

Alternativ tittel: Beyond Words: Implementing Latin American Truth Commission Recommendations

Tildelt: kr 5,8 mill.

Sanningskommisjonsrapportar er ofte mål for omfattande debatt og kritikk frå fleire hald. Sanningskommisjonar sitt hovudbidrag ligg i etableringa av ei gyldig og sann forteljing av fortida si urett. Men det er også eit anna bidrag som ofte vert oversett: sanningskommisjonane sine anbefalingar. Desse anbefalingane er viktige reiskap som er framtidsretta og som har høve til å påverke utvikling for fred og demokrati etter periodar med krig og diktatur. Kva er så status for slike anbefalinger? I prosjektet 'Ikkje Berre Ord: Implementering av Anbefalingar frå Latinamerikanske Sanningskommisjonar' utforskar me 13 sanningskommisjonsrapportar i 11 latinamerikanske land (Argentina, Brasil, Chile, Ecuador, El Salvador, Guatemala, Haiti, Panama, Paraguay, Peru, og Uruguay). Me har undersøkt korleis slike anbefalingar er formulerte i rapportane; kva slags anbefalingar som har størst sjanse for å bli implementerte; og kvifor. Analysen fokuserer på (1) konteksten, aktørane og prosessane som utformar slike anbefalingar, og (2) dei faktorane som forklarar ulike grader av implementering. I tillegg til å bidra til teoretiske debattar om overgangsjustis, vil prosjektet vera nyttig for utforminga av anbefalingar som har større sjans til å bli implementerte og dermed imøtegå ein del av dei ofte høge forventingane som knyter seg til slike sanningskommisjonar. Ei inter-disiplinær forskargruppe basert på Chr. Michelsens Institutt (Bergen), Universitetet i Oslo, og University of Arkansas at Little Rock (USA) er ansvarlege for prosjektet, i nært samarbeid med institusjonelle partnarar i Argentina, Peru, Guatemala, Universidad de Salamanca, samt ei rekke individuelle forskarar og assistentar. Dette er det fyrste prosjektet i verda som har som mål å dokumentera omfanget av anbefalingane som er gjort av sanningskommisjonar, og foreta ein komparativ analyse av implementeringa av desse anbefalingane. 15 forskarar, fordelt på tre kontinent, har ved å bruka eit felles analytisk rammeverk og kodebok utvikla for dette prosjektet, systematisk samla, dokumentert, og analysert data om sanningskommisjonar frå 11 ulike latinamerikanske land. Prosjektet har nytta tekniske hjelpemiddel (som Dropbox) og tre workshops for dela og diskutera funn gjennom heile prosjektperioden. Prosjektet har tre hovudfunn: (1) Ein detaljert deskriptiv analyse viser at desse 13 sanningskommisjonane har til saman kome med over 1000 anbefalingar i sluttrapportane sine. Anbefalingane er fordelte på 8 hovudkategoriar, utvikla av denne prosjektgruppa som verktøy for komparativ analyse (eit analyseverktøy som også kan nyttast utanfor Latin-Amerika). Meir enn 70% av anbefalingane gjort av latinamerikanske sanningskommisjonar er systemiske, dvs. at dei har med reform av lover, institusjonar eller konstitusjonen å gjera. Eit uventa funn er at kunn 10% av anbefalingane gjeld erstatningskrav til valdsoffer, noko som i litteraturen er oppfatta som ei av kjerneoppgåvene til sanningskommisjonar. (2) Det andre sentrale funnet vårt er at mandatet til sanningskommisjonane og bakgrunnen til kommisjonsmedlemene er sentrale faktorar i å forklara både prosessane som fører til inkludering eller utelating av gitte type anbefalingar, og for utforminga av sjølve teksten til anbefalingane. I mange av sanningskommisjonsrapportane er anbefalingane skrivne av juristar, noko som pregar både tekst og innhald. (3) Det tredje hovudfunnet til prosjektet er at implementering av anbefalingane til sanningskommisjons-rapportar ikkje berre varierer frå land til land, men også frå type til type. Anbefalingar som gjeld erstatning til valdsoffer har, jamt over, ein høgare implementeringsrate enn systemisk retta anbefalingar. Undervegs i prosjektperioden har alle deltakarane bidrege til å presentera førebelse funn på tre prosjekt workshops (Bergen 2015, Pisac, Peru 2016, ig Bergen 2017), ei rekke internasjonale konferansar (LASA 2016 New York, LASA 2017 Lima, Norlarnet 2016 Bergen, EADI 2017 Bergen, ECPR 2016 Praha, ECPR 2017 Oslo, Bergen Exchanges 2016 and 2017), ulike seminar (Norge, Tyskland, Haiti, Peru, og Spania), og inviterte foredrag for ei rekke organisasjonar og ulike publikum i fleire land. Mange fleire prosjektresultat er forventa etter at prosjektperioden er ferdig. Hovudprodukta av prosjektet er: (1) unik database som dekkjer over 1000 anbefalingar gitt av 13 latinamerikanske sanningskommisjonar; (2) rapport med 11 kapittel som analyserer implementering av anbefalingar gjort av 13 latinamerikanske sanningskommisjonar over ein periode på 30 år (vil bli publisert på engelsk og spansk i 2018); (3) bok skriven av kjerneteamet som analytisk og empirisk anbefalingar gjort av latinamerikanske sanningskommisjonar (forventa publisering på nivå 2 forlag i 2019). Prosjektet vil også resultera i fleire working papers, tidsskriftsartiklar, bokkappittel, og policy briefs. Desse vil bli kommuniserte til ei rekke akademiske og ikkje-akademiske brukarar etter endt prosjektperiode .

Over the past three decades, over 40 countries have established truth commissions (TCs) to investigate past patterns of gross human rights violations and recommend measures of redress. More than a third of these commissions have been in Latin America. An otherwise large literature on transitional justice (TJ) has paid virtually no attention to TC recommendations and their fate. Focusing on Latin America, the aim of this project is to examine the formulation and implementation processes around TC recommend ations. The project will analyse the recommendations of 14 TC reports in 12 Latin American countries since 1982 in order to identify (1) contexts, actors and processes that shape TC recommendations; and (2) conditions which are more/less conducive to imp lementation of what kind of recommendation. The research has primary relevance to intellectual and policy debates on TJ in Latin America, but carries a broader theoretical potential. By establishing an empirically-based typology of recommendations and re lated trajectories of implementation, the project provides an analytical basis for cross-regional research on the impact of collective truth-seeking mechanisms. Furthermore, the project has policy implications for the design of recommendations that are credible and likely to be implemented, and for the management of expectations generated by TCs among policymakers, activists, and mass publics. The project will be carried out jointly by an interdisciplinary research team based at the Chr. Michelsen Ins titute (Bergen), the University of Oslo, and the University of Arkansas at Little Rock (USA) in collaboration with institutional partners (Argentina, Peru, Guatemala) to cover three Latin American regions. The project builds on previous work on TJ in Lati n America undertaken by the core research team and is intended to further strengthen competence in this rapidly expanding scholarly and policy field.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

LATIN-AM-Latin-Amerika-programmet

Finansieringskilder