Tilbake til søkeresultatene

NAERINGSPH-Nærings-phd

Prestasjonsmentalitet Viljestyrke- viktig for indiviuell utvikling i komplekse læringsmiljø

Alternativ tittel: Achievement mentality Willpower- important for individual development in complex environments

Tildelt: kr 1,5 mill.

Den første studien utforskar korleis ein kan legge til rette for utvikling av motstandsdyktige spelarar i eit eliteserielag. Semistrukturerte intervju med tre trenarar og tre spelarar som del av ein intervensjon gir informasjon om psykososiale element som påverkar utviklingsprosessen. Forskingsleiar har vore ein del av trenarteamet til laget. Observasjonslogg og monotoreringsdata frå trening og kamp gav supplerande informasjon til analysen. To hovudtema stod fram: (a) opplevingar av trenarar og spelarar si handtering av ulike typar utfordringar og stress, og (b) samspelet mellom trenar og spelar på vegen til å bli meir motstandsdyktig. Informasjonen viser gjennom ulike oppfatningar av utfordringar korleis det er mogeleg å øve på å bli meir motstandsdyktig ved å utnytte både prestasjonsrelatert og organisatorisk stress som del av spelaren si rolle i laget. Undersøkinga framhevar to sentrale poeng knytt til relasjon og samhandling mellom trenar og spelar. Det må først skapast ei gjensidig forventningsavklaring mellom spelar og trenar. Samtidig ligg det hjå trenarane i undersøkinga ei tydeleg forventning om at spelarane viser vilje til læring. Det er spesielt sentralt for å få samspelet til å fungere med handtering av organisatorisk stress. Den første artikkelen viser korleis vi kan auke kvaliteten i arbeidet med å utfordre og gi sosial støtte for utvikling av motstandsdyktige fotballspelarar. Den andre studien utforsker prosessen med å håndtere utfordringer i et profesjonelt norsk fotballag. Spillere og trenere ble fulgt i løpet av en sesong i den øverste ligaen. For å undersøke koordinerte handlinger ble aktiviteter initiert gjennom delt ledelse og gruppeenheter. Det vart gjennomført en kvalitativ studie, med bruk av semi-strukturelle intervjuer og observasjoner samt refleksjonar over egen praksis. Trening organisert i små teamenheter knyttet til ledelseselementer og teamressurser har vist seg å underbygge utviklingsprosessen for laget sin motstandskraft. Å organisere aktiviteter ned til dyadiske forhold er fordelaktig for å lette balansen mellom det å utfordre og støtte handlinger som håndterer utfordrende situasjoner. Det å organisere i små grupper blir også funnet motstridende og blir derfor diskutert i artikkelen. Det utfordrer tilrettelegging av støtte og oppfølging for alle aktører. Det er behov for å utforske bruken av små grupper og koordinerende arbeid for å utvikle motstandskraft i lag videre. Den tredje artikkelen handled om hvordan relasjonsbygging kan bidra til å gi spillere støtte til å håndtere utfordrende situasjoner. Det blir presentert en relasjonsmodell til utvikling av kommunikasjon i håndtering av utfordrende situasjoner for å bygge et motstandsdyktige lag.

Føremålet med prosjektet var å optimalisere eige læringsmiljø ved å systematisk øve på motstandskraft gjennom dagleg arbeid. Undersøkinga har gått i djupna på korleis vi bevisst kan nytte kompetanse knytt til utvikling av lagresilience i læringsmiljøet, for fremje individuell og kollektiv utvikling. Kunnskapsgrunnlaget vil bli integrert i strategisk planlegging og praktisk gjennomføring i bedrift. I tillegg blir kunnskapen nytta til systematisk kompetanseutvikling og læring hjå tilsette i bedrifta.

Prosjektet er kopla til eit arbeidet med å individualisere og utvikle fotballspelarar i ein norsk toppfotballklubb. Undersøkinga vil ha ei teoretisk forankring i sosial-kognitiv teori, og sjølvregulert læring. Eit sentral føremål med arbeidet er å bidra til å integrere kompetanse kring individuell viljestyrke systematisk inn i klubben og spelarane sin utviklings-og prestasjonsmentalitet. Undersøkinga har som mål å bidra til å skape djupare innsikt i korleis systematisk arbeid kring individuell viljestyrke i eit utviklingsmiljø kan bidra til auka måloppnåing. Det betyr å kunne jobbe aktivt med å etablere, og vidarutvikle gjeldande praksis i klubben. Samtidig som utviklingsarbeidet blir underlagt ei forskingsramme med den nødvendig kvalitet både i forkant, under prosessen og i etterkant av utviklingsarbeidet. I dette ligg det å undersøke viljestyrke i eit læringsperspektiv. Den førebelse problemstilling er; -Korleis avdekke, halde på og vidareutvikle viljestyrke hjå individet i eit komplekst utviklingsmiljø? Sentrale spørsmål vil vere; Kor kjem viljestyrken frå, innanifrå eller er den tillært og miljøbetinga? Korleis kan vi systematisk avdekke, oppretthalde og vidareutvikle viljestyrken hjå enkeltindividet i eit komplekst prestasjons- og utviklingsmiljø? Kan vi lære noko av individuelle toppidrettsmiljø som let seg integrere i eit lagidrettsmiljø? Korleis skal vi få det til, og kva krevst av miljøet rundt? Aksjonsforsking vil bli nytta som tilnærming i prosjektet, og nytteverdien i eit læringsperspektiv vil kunne vere todelt. På den eine sida kan vi få innsikt i kva som krevst av ferdigheiter, eller eigenskapar av individet sjølv på ei individuell utviklingsreise. Samtidig som vi kan hente ut kunnskap kring kontekstuelle element som eit utviklingsmiljø kan dra nytte av i arbeidet med å utvikle gode og systematiske rammevilkår for ekspertlæring.

Budsjettformål:

NAERINGSPH-Nærings-phd