Tilbake til søkeresultatene

BIA-Brukerstyrt innovasjonsarena

Biomedical Network -Nettverk for forsknings- og utviklingssamarbeid mellom medisinsk industri, kliniske- og akademiske miljø

Alternativ tittel: Biomedical Network (Før Innovamed)

Tildelt: kr 1,1 mill.

Biomedical Network har etablert samarbeids eller medlemskapsavtalar med 12 firma og kunnskapsinstitusjonar. Alle desse har hatt aktive roller i samband med ei rekkje større arrangement. Desse har i stor grad handla om overføring av kunnskap og erfaring med relevans for utvikling av medisinsk industrielle resultat. Nettverket har gjennomgåande hatt fokus på faktorar som er med på å hindre vekst og positiv utvikling innenfor livsvitenskapen. Gjennom å skape forståing for regulatoriske krav til godkjenning av nye produkt og prosessar knytta til dette, har mange i akademiske- og kliniske miljø fått ny innsikt i kva som er krevd for å utvikle produkt til ein medisinsk marknad. Resultat frå arbeidet som er gjort i Biomedical Network blir brukt som grunnlag for nye prosjekt der industri, forskarar i klinikk og institutt ønskjer å samarbeide om ny terapi.

Overordna har det blitt lettare for medisinske firma som har deltatt på våre arrangement å knyte kontaktar med forskarar innanfor fleire fagfelt. Dette gjeld basalforsking, klinisk forsking, tekniske fag eller støttefunksjoner. Det er etablert eit breidt nettverk med deltaking frå alle delar i kjeda av medisinsk innovasjon. Firma Astra Zeneca har etablert samarbeid med Kvinneklinikken på Haukeland om medikamentstudier innenfor gynekologisk kreft. Firma Shire og Haukeland Universitetssjukehus vurderer mulighet for utprøving av nye ADHD medikament.

Framståande forskingsmiljø i Norge viser aukande interesse for å etablere samarbeid med industrielle aktørar om forsking og produktutvikling innanfor spesialisert terapi. Biomedical Network tar mål av seg til å samle relevante industriaktørar og dei beste forskarar i Norge for å utvikle terapi og diagnostikk spesielt relatert til Immunterapi og kreftbehandling. Etablering og utvikling av nettverket skal stimulere bedrifter og forskingsmiljø til større bruke av klinisk og akademisk kunnskap og ressursar i Norge. Mobilisering av dei beste forskningsgrupper på området, tett samarbeid og innsats frå komplementære miljø skal løfte fram Norge på området immunterapi og avansert diagnostikk. Biomedical Network vil fange opp tema som er viktige for å realisere nye produkt, eksempel på dette er systematisk utvikling av fasilitetar for testlab som gir anledning til tidleg testing og pilotutprøving. Det vil bli arrangert 4 faglege samlingar med nasjonal deltaking i perioden 2016-2018. I tillegg blir det lagt til rette for andre arrangement som deltakarar i nettverket tar initiativ til. Biomedical Network vil ha ei koordinerande rolle i prosessar som skal føre fram til utviklingssamarbeid og innovasjon, tilrettelegging for søknader mot BIA programmet og EU Horizon 2020 blir viktig. Nettverket vil mellom anna samarbeide med Oslo Cancer Cluster, Medviz m.fl for å lykkast med dette. Det blir lagt opp til fleire aktivitetar nær dei kliniske fagmiljø for å sikre god deltaking frå forskarar med tilknytning til klinikken. Initiativet er breitt forankra både i Legemiddelindustriforeningen(LMI) og i ei rekkje akademiske og kliniske fagmiljø ved HUS og UiB. Bergen Teknologioverføring AS(BTO) inngår kontrakt med Forskningsrådet om å drifte nettverket.

Budsjettformål:

BIA-Brukerstyrt innovasjonsarena