Tilbake til søkeresultatene

PUBL-Publisering/prosjektinform

Norsk språkhistorie 3

Tildelt: kr 0,20 mill.

Prosjektleder:

Prosjektnummer:

267425

Prosjektperiode:

2016 - 2017

Midlene er mottatt fra:

Organisasjon:

Geografi:

"Ideologi" er det tredje bandet av Norsk språkhistorie (NSH), eit vitskapleg verk som ei rekkje forskarar, primært frå nordiskmiljøa ved norske universitet og høgskolar, har gått saman om å skrive. Band III dreier seg, som tittelen seier, om språkideologiar, med andre ord om språkpolitikk i vid forstand, men også om idear og forestillingar om kva språk er, om oppfatningar av og haldningar til språk, slik dette kjem til uttrykk mellom anna i språknormering og språkstandardisering. Eit eige kapittel er vigd norsk språkhistorieskriving. Eit slikt metaperspektiv på disiplinen er noko nytt, og sidan Noreg har ei heller særeiga moderne språkhistorie, vil denne forma for nyskriving truleg vere både klargjerande og illustrerande. Eit anna nytt perspektiv er idéhistorisk, m.a. med jamføring med andre språksamfunn i ulike delar av verda. Dette idéhistoriske perspektivet kjem tydeleg til uttykk i to kapittel, men på ulikt vis. Eit kapittel om normering og standardisering høyrer naturleg heime i eit band som dette. I tillegg kjem eit eige kapittel om nasjonale og regionale identitetar.

Budsjettformål:

PUBL-Publisering/prosjektinform

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet