Tilbake til søkeresultatene

BIONÆR-Bionæringsprogram

SusAn 30 SusCatt Increasing productivity, resource efficiency and product quality for competitiveness of forage and grazing based cattle

Tildelt: kr 2,1 mill.

Produktiviteten i Europeisk mjølke- og storfekjøttproduksjon har auka betydeleg. Det blir likevel stilt spørsmål ved berekrafta av denne produktivitetsveksten på grunn av negative verknader på miljø og dyrevelferd og på grunn av aukande bruk av fôr som kunne bli brukt til menneskemat, som korn og soya. I SusCatt-prosjektet undersøkte vi produktiviteten, ressurseffektivitet og forbrukarane si aksept for å bruke meir grovfôr og beite til fôring av storfe som erstatning for fôrprodukt som er eteleg for folk. Prosjektet var eit samarbeid mellom sju forskingsmiljø frå seks land i Europa og vart leia av NIBIO I den norske delen av prosjektet undersøkte vi ressurseffektivitet, miljøpåverknaden og økonomien i mjølkeproduksjonen i Noreg, og NIBIO hadde ansvar for granskinga av haldningane forbrukarane og bøndene har til mjølk og kjøtt basert på grasfôra dyr. I arbeidet med mjølkeproduksjon, har vi brukt data frå TINE sine registreringar av fôring, produksjon, helse og fruktbarheit og tal frå rekneskap. Vi har avgrensa studiet til eit utval av mjølkeprodusentar i Trøndelag og Møre og Romsdal. Vi testa om det var samanheng mellom fôringspraksis, økonomisk lønnsemd og indikatorar for berekraft. I alt hadde vi data frå omlag 200 mjølkeprodusentar over tre år. Vi grupperte gardane basert på gjennomsnittleg kraftfôrtildeling per ku og år i lågaste, midtre og øvste tredjedelen. Førebelse analyser syner at lønnsemda, uttrykt som dekningsbidrag per kg mjølk produsert, var betre hos de med låg kraftfôrtildeling enn de med høg. Ved hjelp av de same produksjons- og økonomidata og eit livsløpsanalyseverktøy (FARMnor), estimerte vi nokre berekraftsindikatorar som blei brukt til å samanlikne kratfôrgruppene og teste samanhengen mellom lønnsemd og berekraft. Vi har tilpassa verktøyet slik at vi for kvar gard kan rekne ut utslepp av klimagassar og bruk av primærenergi for produsert mjølk og kjøtt. Modellen inkluderer både produksjon av innsatsfaktorar, som t.d. handelsgjødsel, kraftfôr og diesel, fram til bruk på garden («vogge til garden») og utslepp avhengig av produksjon på garden og som er avhengig av t.d. mjølkeavdrått og gjødslingsnivå. Det var stor variasjon og nokre gardar produserte mjølk og kjøtt med langt mindre utslepp av klimagassar enn andre, men vi fann ingen forskjell mellom kraftfôrgruppene. Det treng altså ikkje å vere slik at bruk med høg kratfôrmengd og mjølkeproduksjon per årsku har lågare global oppvarmingspotensiale per kg mjølk og kjøtt produsert enn bruk med lågare kraftfôrmengd og avdrått. Gardane i gruppa med lågast kraftfôrforbruk, brukte i gjennomsnitt større jordbruksareal per kg produsert kg mjølk og kjøtt enn gardane i gruppe middels og høgt kraftfôrnivå. Men det brukte jordbruksarealet på gardane med minst kraftfôrforbuk var i større grad basert på eigne arealsressursar og relativt mindre på areal brukt til å produsere korn og andre vekstar som inngår i innkjøpt kraftfôr. Bønder så vel som forbrukarar sin interesse for grasfôra kjøt og mjølk ser ut til å dele mykje av det same utgangspunktet. Basert på ein landsrepresentativ panelstudie blant norske forbrukarar kombinert med ei kvalitativ studie av bønder som driv grasfôra kjøt- og mjølkeproduksjon, fann vi at dei tyngste argumenta er at grasfôra blir oppfatta som betre for både miljøet, dyrevelferda så vel som for klimaet. Rett nok finn vi at fleire av bøndene også opplever driftsforma som både meir utfordrande og interessant. Tilsvarande finn vi forbrukarar som truleg (her seier vi truleg då materialet er for lite til at me kan sjå sterke nok statistiske samanhengar) også tykkjer at grasfôra produkt er «kulare» - og kulare er her forstått som produkt som representerer ein identitet dei ønskjer å tilkjenne seg snarare enn einast ein produksjonsmåte som skal vere betre enn andre produksjonsmåtar. Faktorar som utifrå internasjonal forsking var venta å slå sterkare ut ? altså helse og kvalitet ? er svakare i den norske konteksta enn det den internasjonale litteraturen syner frå forsking i Europa, Oseania og Nord-Amerika. Delvis kjenner me att dette frå forsking på økologisk landbruk på 90-talet her heime, fenomenet kan truleg forklarast med at den norske forbrukaren så vel som den norske bonden ser på det «konvensjonelle» landbruket som lite «industrialisert». Sameleis som bøndene ser på sine val om å produsere grasfôra kjøt- og mjølkeprodukt som ei motstand mot det dei ser som ei framtidig utviking av norsk landbruk ? meir enn ei motstand til det landbruket me alt har i dag ? er også forbrukarane sine preferansar motivert av eit ønskje om å vere «pro-aktive», snarare enn ein sterk kritikk av det landbruket vi har i dag. Ser vi på utviklinga elles i Europa, er det grunn til å tru at om norsk landbruk gradvis vert oppfatta som meir og meir «industrielt» i grupper av befolkninga, vil norske grasfôra produkt kunne representere eit alternativ til det å kutte kjøt- og mjølkeprodukt heilt frå menyen hjå denne gruppa.

Tilpassinga av LCA verktøyet FARMnor ble utvikla for å kunne berekne miljøpåverknaden av mjølkeproduksjonen under norske forhold. For å kunne gjennomføre slike berekningar for kvar av dei 200 gardsbruka i SusCatt-prosjektet, blei modellen vidareutvikla. Vi har derfor fått eit betre grunnlag for å gjere livsløpsanalysar av mjølkeproduksjon på gardsnivå. Verktøyet kan brukast til å analysere variasjon og effektar av driftsopplegg på miljøindikatorar i praksis og avdekkje dei faktorane som betyr mykje. Såleis kan det brukast, saman med rådgjevarar, å finne dei driftsfaktorane ein bør ta tak for å gjere forbetringar på einskilde gardsbruk. Gjennom å studere bøndene sin motivasjon for grasfora produksjon og forbrukarane sine preferansar for grasfora produkt, har prosjektet avdekka at det finst eit moglegheitsrom som kan nyttast i marknadstilpassinga av framtidige storfeprodukt som også harmonerer med primærprodusentane sin interesser

The productivity of milk and meat production from European cattle has increased considerably in recent decades. However, the sustainability of this intensification is questioned due to environmental and animal welfare trade-offs and growing reliance on edible food and imported soy as feed. The proposed project aims to evaluate the productivity, resource-use efficiency and consumers' acceptability of a transition to high forage and pasture diets for European cattle. The project will focus on dairy, integrated dairy/beef and specialized beef production systems, addressing the calls three research areas: - Productivity (including milk yield and growth rate), product quality (including nutritional and sensory quality) animal health and welfare (including production diseases), and economic performance - Resource use efficiency (including use of non-edible food as feed, nitrogen and phosphorous use efficiency and enteric methane emission) and environmental impacts, both assessed experimentally, by modelling and life cycle analysis - Consumers' appreciation The main hypotheses are that transition to high forage and non-food diets will enhance product quality, animal health and welfare, resource-use efficiency and consumer acceptability, by matching appropriate diets, breeds and production systems and by rearing all dairy bred calves. The project involves modelling, experimental and participatory R&D activities and covers contribution from SMEs (farmers, advisory service) and pools expertize from seven academic centres of excellence in six European countries. The work will be organised in four work packages; two focusing on beef and milk production, feeding into one on overall assessment of economic, resource-use efficiency and societal acceptance and the fourth is dedicated to disseminating our findings.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Budsjettformål:

BIONÆR-Bionæringsprogram